AddToAny

- ELTE-studentane er lite reflekterte og lite modne

Dekan Bente Wold ved Universitetet i Bergen seier fagmiljøet vart overkøyrt då styresmaktene gjekk vekk i frå deira forslag om eit to og eit halvt års kompenserende program for ELTE-studentane. Ho meiner nivået blant studentane er lågt.
Dei første vitna har i dag forklart seg i sal 227 i Oslo tingrett. Dei vitna i rettssaka der 163 psykologistudentar frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn har saksøkt den norske stat.

På dag fire i rettsaka var det to leiiande fagfolk i psykologi som vitna. Instituttleiar Jarle Eid og dekan Bente Wold ved Det pyskologiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB).

På nokre område har ELTE-studentane god forståing, men i mykje av det kliniske er dei lite nyanserte, reflekterte og modne. Bente Wold Dekan ved Det psykologiske fakultet, UiB

Dei vitna begge for staten og det var regjeringsadvokat Kaija Bjelland som spurte ut dei to vitna.

Jarle Eid var dekan ved Det psykologiske fakultet i Bergen til august 2017. I perioden som dekan var Eid leiar i det som vert kalla nasjonalt profesjonsråd for psykologiutdanninga, som ligg under universitets- og høgskulerådet. I det forumet møtest alle universiteta og høgskulane som har psykologiutdanning, to gonger i året.

- Når kom ELTE-utdanninga opp som ei problemstilling? spør Bjelland.

- På eit av møta tok representantar på Universitetet i Oslo opp spørsmålet heilt perifert, og spurte om vi andre hadde vore involverte i å vurdere kandidatane frå ELTE. Dei refererte til ei sak i 2014 der dei hadde gitt råd som ikkje hadde blitt tatt til følgje. Dette gjorde at vi byrja å interessere oss litt for spørsmålet, svarer Eid og legg til:

- I løpet av 2016 vart det klart at det var grunn til å ta opp dette spørsmålet som sak i profesjonsrådet. Det førte så til at vi fekk eit mandat til å gå i dialog med Helsedirektoratet og autorisasjonskontoret om å få ei orientering om korleis dei vurderte søknader frå kandidatane frå ELTE.

Rådet foreslo på bakgrunn av dette at ein burde gjere ei kvalitetsjustering på korleis ein sette saman fagpanela som skulle vurdere kandidatane, forklarer Eid vidare.

- Vi identifiserte 10 fagpersonar frå dei ulike profesjonsutdanningane i Noreg. Dei sette vi saman i par slik at vi sørga for at det alltid var to universitet representerte i kvart panel og sørga også for at ulik kompetanseprofil på dei to sakkyndige. Så vart søknadane fordelte på ulike panel og vurderingane er ganske like, fortel Eid.

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt