Utdanning
31.01.2017
- Ei norm for storleiken på elevgruppa per lærar i grunnskolen må gjelde på skolenivå, ikkje på kommunenivå, sa leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal i Stortinget i dag. Følg Utdanningsnytt på Facebook!
Det er dei fire stortingsrepresentantane frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Geir Sigbjørn Toskedal og Anders Tyvand, har kome med eit framlegg til Stortinget om å sikre ein gjennomsnittleg storleik på elevgruppene i grunnskolen til 16 elevar på første til fjerde trinn. Dei foreslår at dette skal vere norma på skolenivå.
Les merI dag hadde Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget høyring om saka.
Både Steffen Handal frå Utdanningsforbundet og Anne Finborud frå Skolenes landsforbund understreka under høyringa at det var svært viktig at norma gjeld på skolenivå, ikkje på kommunenivå. Med det støtta dei framlegget frå dei fire representantane.
Eit argument for at norma bør gjelde på skolenivå, var at det ville sikre stør


































































































