AddToAny

Elever føretrekker ikkje nødvendigvis digitale lærebøker framfor papirbøker

Elever føretrekker ikkje nødvendigvis digitale lærebøker framfor papirbøker
Elevar kommuniserer digitalt med kvarandre og bruker digitale plattformer til det meste av kommunikasjon med skulen. Det betyr ikkje nødvendigvis at dei føretrekker digitale lærebøker framfor dei tradisjonelle papirbøkene.
Jon Olav Sørhaug er master i Nordisk språk og litteraturvitskap (UiA, 2007) og i Organisasjon og leiing (NTNU, 2013). Han er i tillegg skjønnlitterær og faglitterær forfattar. Sørhaug arbeider til dagleg som norsklektor på Tangen vidaregåande skole i Kristiansand og er tilknytta Universitetet i Agder.

Det er juni, og siste time med avgangselevane i vidaregåande skule - men først evaluering. Når elevane kjem fram til spørsmåla som handlar om digitale ressursar og digital lærebok, merker eg korleis engasjementet brer seg i rommet. Som faglærar har eg ein viss idé om kva som kjem til å komme.

Denne klassen har hatt eit prøveprosjekt med digital lærebok. Formålet med prosjektet var å gi elevane høve til å veksle målform, samt å bruke opplesingsfunksjonen som støtte til eiga lesing. Prosjektet gjekk ikkje heilt friksjonsfritt for seg. Allereie første veka var mange av elevane skeptiske og misnøgde med faglærarens val, og nokre av dei enda til slutt opp med å sjølv kjøpe eller låne papirboka. Evalueringa etterpå stadfesta dette.

Etter eitt år med digital lærebok meldte 91 prosent av klassen at dei heller ville hatt vanleg bok, om dei kunne velje. Dette sjølv om 39 prosent hadde brukt opplesingsfunksjonen ofte. Berre 4 prosent nytta seg av det å kunne veksle målform. På spørsmålet om korleis boka hadde fungert i faget, la dei ikkje fingrane imellom:

- Dårlig. - Jeg har ikke brukt den nesten. - Jeg ville heller hatt en ordentlig bok. - Gi oss en vanlig bok!

Samtidig svarte dei fleste elevane at dei hadde brukt den digitale læreboka ganske ofte. I ei heilt vanleg veke hadde nesten 50 prosent lest pensum frå boka, og om lag 25 prosent hadde arbeidd med oppgåver som sjølvstudium mellom timane. Dei visste altså kva dei svarte på. Men kvifor var det så stor motstand mot digital lærebok blant ungdommar som elles har ein så naturleg omgang med det digitale?

Den boka vi brukte, er blant dei marknadsleiande bøkene innanfor sitt fag, og inneheld etter mi meining sentralt og godt forklart fagstoff. Kva var det då som gjorde at elevane reagerer? Var det sjølve digitaliseringa av boka som var problematisk? Skal eg unngå å bruke digitale ressursar i undervisninga? Eller må eg gjere det på ein annan måte neste gong? Dette må eg forstå litt betre.

Det teknologitette klasserommet: utfordringar og moglegheiter

La oss starte i klasserommet. Digitale verktøy og ressursar har ein sjølvsagt plass i den skolen eg arbeider på. Klasseromma er krit- og kateterfrie; vi har i staden eit whiteboard og ein femtitommars skjerm i kvart rom. Elevane disponerer kvar sin berbare skole-pc. Ein digital læringsplattform blir brukt til kommunikasjon med elevane. Her finn dei semesterplanar, fagstoff, prøver, innleveringar og karaktersettingar. Applikasjonane dei brukar, er tilpassa både pc og smarttelefonar.

Dei aller fleste elevane har også med seg ein på skolen, nokre av dei har også smartklokker. Sjølv har eg ei oransje digitalklokke rundt armen som snart skal vibrere og minne meg på at det er på tide å røre på meg, gjere noko anna enn å sitje her og skrive. Det at både lærarar og elevar på denne måten har tilgang til ei rekkje teknologiske ressursar og applikasjonar i skolen har gitt opphavet til nemninga teknologitette klasserom. Dette tilfører læringsmiljøet både utfordringar og moglegheiter.

Datatrøbbel av ulike slag kan føre til at ein godt planlagt time endar i kaos og improvisasjon. Elevar som av ulike årsaker ikkje har med seg rett utstyr, risikerer å falle utanfor undervisninga. I individuelt arbeid kan vegen vere kort frå fagteksten i Word til siste nytt på Facebook. Men det er også godt dokumentert korleis bruk av teknologi i klasserommet kan ha ein positiv effekt på elevars læringsutbytte, til dømes gjennom å etablere digitale kontaktsoner mellom lærarar og elevar undervegs i arbeidsprosessen (Skaftun m.fl. 2017) eller for å auke kvaliteten i klasseromssamtalar gjennom visuelle, digitale representasjonar (Furberg, Dolonen & Ingulfsen, 2015, s.15). Det synast likevel som at det ikkje er t ilgangen til teknologi, men måten teknologien blir brukt på som aukar potensialet for læring.

Lærarens evne til god klasseleiing, digital kompetanse og pedagogisk dømmekraft blir trekt fram som særleg viktige forhold for å gi høgt læringsutbytte ved bruk av digitale ressursar (Krumsvik m.fl. 2013).

Digitalitet i læreplanen

I læreplanverket Kunnskapsløftet 2006 (LK06) vart arbeidet med digitalitet i skolen for alvor sett på dagsorden. Digitalitet vart trekt fram som ein grunnleggjande ferdigheit - jamstilt

Les mer

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt