Utdanning
10.06.2016
Eg er samd med dei som meiner at eksamensresultatet 2015 gir grunn til uro.
Dei fleste tolkar resultatet slik at elevane er blitt dårlegare i matematikk, først og fremst på grunn av svakt fagleg nivå hjå lærarane.
Eg har arbeidd med matematikk i ungdomsskulen i mange år, og har vore både sensor og oppmann i faget for 10-15 år sidan. Frå 2010 har eg sett ei negativ utvikling, både når det gjeld eksamensresultat òg når det gjeld eksamensforma. Det er spesielt det sistnemnde eg vil ha fokus på her.
Delprøve 1 har stort sett vore oversiktleg og ryddig, sjølv om mange elevar får dårleg resultat også der. Men delprøve 2 har etter kvart utvikla seg til å verta ganske så utfordrande, med store emneoppgåver som også har spørsmål med høg vanskegrad.
Ikkje lett å sjå om oppgåva er vanskeleg Det er greitt at elevane må bruka kunnskapane sine i nye samanhengar, men her synest eg det har gått litt for langt. Sjølv om elevane øver og reknar mange ulike oppgåvetypar, kjem det eksamensoppgåver som svært mange av elevane ikkje klarer å overføra kunnskapen sin til. Ein del av desse omfattande oppgåvene gir elevane fort opp. I tillegg har det vist seg at problemstillingane kan v
Gå til medietEg har arbeidd med matematikk i ungdomsskulen i mange år, og har vore både sensor og oppmann i faget for 10-15 år sidan. Frå 2010 har eg sett ei negativ utvikling, både når det gjeld eksamensresultat òg når det gjeld eksamensforma. Det er spesielt det sistnemnde eg vil ha fokus på her.