Snart fire år er gått sidan kommisjonen starta arbeidet med undersøkinga av fornorskingspolitikken mot samar, kvenar og norskfinnar.
Ein grundigare gjennomgang av konsekvensane av fornorskingspolitikken frå starten av 1800-talet og fram til i dag er aldri før blitt gjennomført.
- Den største overraskinga for meg i dette arbeidet har vore oppdaginga av kor taust det har vore i Noreg, kor lite det faktisk er gjort av forsking på konsekvensane av fornorskinga, som vi kunne ha tatt med inn i vårt arbeid, om det hadde funnest, seier kommisjonsmedlem Liv Inger Somby.
Somby er eitt av dei 12 medlemmene i den akademikartunge «Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner».
- Det er blitt forska for lite på fornorskinga, seier Somby, som også er påtroppande rektor ved Sámi allaskuvla/Samisk høgskole i Guovdageaidnu.
- Mykje upløgd mark
Fråværet av forsking og mangel på spor av ein offentleg samtale om viktige delar av fornorskinga er påfallande, slik Somby opplever det.
- Vi snakkar om folk som heilt eller delvis har mist sitt eige språk. Kulturelle verdiar er gradvis blitt viska ut mellom generasjonane, i heilt konkret forstand, i form av tradisjonell kunnskap som er blitt borte.
Somby håper både det samiske samfunnet, på tvers av landegrensene, og majori