Khrono
13.07.2023
SV fryktar «nedbygging av internasjonal solidaritet», etter at regjeringa har sett program for globalt samarbeid på pause.
- Kva i all verda er det regjeringa og statsråden held på med no? spør Grete Wold, stortingsrepresentant for SV og medlem av utdannings- og forskingskomiteen.
Les merSpørsmålet er ein respons på at utlysinga av 175 millionar kroner til samarbeid og studentutveksling med land i Asia, Afrika og Latin-Amerika utan forvarsel er trekt tilbake og utsett til våren 2024.
Pengane blir fordelt gjennom Norpart-programmet, som står for Partnarskapsprogram for globalt samarbeid.
- Bit for bit
- Det er urovekkande at ein plutseleg set bremsene på for viktige ordningar som støttar opp om internasjonalisering, studiar på tvers av landegrenser og utvikling av kompetanse. Det verkar som ei nedbygging, bit for bit, av internasjonal solidaritet. Det er eit signal frå statsråden


































































































