AddToAny

Eit kritisk blikk på medverknad frå barn

Eit kritisk blikk på medverknad frå barn
Medverknad frå barn i barnehage handlar om meir enn valet mellom puslespel og teikning, eller støvlar og joggesko. Det handlar om korleis vi møter barna som medmenneske i kvardagen.
Barn har rett til å gje uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen, i samsvar med alder og føresetnader (barnehageloven § 3). Utfordringa er kva som ligg i omgrepet. Handlar det om valet mellom puslespel og teikning, støvlar og joggesko? Eller handlar det om noko meir grunnleggjande, som retten til å kunne ytra seg og verta lytta til? Og når er barna gamle nok? Når dei har språk til å setja ord på eigne opplevingar, eller kan også dei yngste gje uttrykk for sitt syn på kvardagen? Artikkelen ser medverknad frå barn i eit etisk lys.

ETISKE UTFORDRINGAR
Medverknad kan handla om meir enn val. Det kan handla om retten til å uttrykkja eigne behov (Draugsvoll 2015). Einsidig vektlegging av handlingar og aktivitetar kan skugga for det personlege og særskilde ved barna (Søndenå i Sandvik 2007, s. 31). Som etisk utfordring er ikkje medverknad knytt til handlingane til barn, men etiske spørsmål i møte med andre. Då handlar det om korleis vi møter barna som medmenneske i kvardagen (Sandvik 2007, s. 31-32; Johannessen 2012, s. 79-80, 88-91). Då handlar det om å gje rom for uttrykka til barn (Draugsvoll 2015) meir enn å leggja til rette for situasjonar der barna kan velja.
Utan å lytta til orda, lydane, mimikken og kroppsspråket til barn kan ikkje barnehagelæraren etablera den gode relasjonen som må liggja til grunn for at barna skal oppleva å vera trygge: Personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen, og samspelet deira med barna er det som gjev barnehagen konkret innhald og kvalitet (Drugli 2010, s. 79). Utan den gode relasjonen kan ikkje barnehagen skapa kvalitet for barna. Det hjelper lite med fine ord om korleis barn får velja og medverka, om ikkje tryggleiken ligg i grunn.

BARN UTTRYKKJER SEG KROPPSLEG
Små barn uttrykkjer seg kroppsleg (Løkken 2005). Retten til medverknad er ikkje avgrensa til verbale ytringar (Sandvik 2007, s. 33; Pålerud 2013, s. 112). Barnehagelæraren må tolka dei kroppslege uttrykka til småbarnet, noko som kan gje eit ubal
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Første steg 29.05.2026
– Tar ansatte seg tid til å dele små inntrykk fra barnehagehverdagen med foreldre, vil det bli lettere å ta opp vanskelige ting seinere, sier forsker Vibeke Glaser.
Første steg 29.05.2026
Det er fredag i utetiden, og været er sånn passe. Vinden tar godt tak i kinnene til barna. En liten gruppe med barn syker rundt beina mine. De vil jeg skal være med dem bort til porten.
Første steg 29.05.2026
Etter et år med musikksamlinger har barna fått større ordforråd, og de ansatte er blitt tryggere på å bruke sang og musikk i barnehagen.
Første steg 29.05.2026
Barnehager over hele landet inviteres til å gå ut og telle insekter i forbindelse med Verdens miljødag 5. juni.
Første steg 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt