Khrono
11.03.2018
Formidling. Kunnskapsformidling og å vere synleg er viktig for høgskule- og universitetssektoren, men mange kvir seg for å delta i det offentlege ordskiftet. Det bør vi kanskje gjere noko med, skriv Anne Birgitta Nilsen frå OsloMet.
For eit demokrati er ein levande offentleg debatt viktig. I debatten er akademikarane si kunnskapsbaserte deltaking viktig. Samfunnet treng kunnskapen frå universitets- og høgskulesektoren for å ta gode avgjersler. Ikkje minst er kunnskapsbasert deltaking viktig i ei tid der falske nyhende florerer. Men å kaste seg ut i debatten er ikkje heilt risikofritt.
Les merI akademia er vi flinke til å diskutere og kritisere. Å gje kvarandre ros og eit klapp på skuldra kan vi verte flinkare til. Anne Birgitta Nilsen Professor, OsloMet
Då eg deltok på «Program for framifrå forskingsformidling» for to år sidan, kritiserte eg Siv Jensen for bruk av ordet snikislamisering. Den dagen debattinnlegget stod på trykk i Aftenposten, ringde ein kollega om kvelden: «Hei, det er Lars. Eg berre lurer på om du treng litt trøyst? Ja, du har vel sett kommentarfeltet» Her er nokre stikkord frå dette kommentarfeltet:
universitetsbroiler
ubrukelege skrivebordteor


































































































