Norsk Landbruk
12.12.2019
Blir bonden sitjande igjen med svarteper og millionrekning for fjøs som rustar, fordi ansvaret ikkje kan plasserast hos verken leverandørar, forsikringsselskap eller staten?
Det høyrer til unntaka at me skriv om fjøs og husdyr i eit plantespesial i Norsk Landbruk, men reportasjen frå fjøsen til Arne Andreassen kunne ikkje vente. Då han skulle vaske sin halvtanna år gamle ammekufjøs i sommar, oppdaga han at innreiinga var full av rust, der ho var støypt ned i golvet. Det viste seg raskt at fjøsen hans ikkje var den einaste som hadde rusta. Problemet kan vere gigantisk.
Arne Andreassen rår alle som har bygd fjøs etter forskrifta, som jordar all innreiing og armering, om å sjekke om galvaniseringa har tatt skade. Ved eit tilfelle skal kyrne ha stått med bøylane til liggjebåsrekka over nakken då bonden kom i fjøsen. I skrivande stund er det neppe nokon som har oversikt