Khrono
09.03.2021
Morten Stene inviterer til debatt om korleis ein skal vurdera studentane.
Å vurdere studentane med ein test på pugging burde vore utgått for lenge sidan. Han hindrar læring og er ikkje god for å skape eit universelt utforma universitet. Me torer å debattere alle andre delar av det læringssystemet me har, men éi utdatert vurdering står fast.
Les merI staden for den utdaterte vurderingsforma, burde Noreg sjå på korleis me best mogleg kan bruke vurderinga som ein del av læringa. På Universitetet i Bergen opplever eg det av og til, med fagfellevurdering av bacheloroppgåve, mappevurdering, eller semesteroppgåver. Alt for sjeldan vert betre vurderingsformer brukte.