Khrono
18.07.2023
Det finnes ikkje belegg for dei stadig friskare dommedagsprofetiane. Internasjonaliseringa er ikkje avlyst, skriv statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.
Kor langt tilbake i tid vil regjeringas plan for norsk fagspråk setje akademia? Boda haglar - vil me hamne tilbake på det mørke 1990-talet eller nokre langt verre? Professor Svenn-Erik Mamelund er førebels i leiinga med ein frisk dommedagsprofeti: ved å ta grep for å sikre norsk fagspråk skrur me kvaliteten på norsk forsking femti år tilbake i tid, hevdar han.
Les merMamelund underbyggjer sin dystre spådom med stråmannargumentasjon og påstandar utanfor alle proporsjonar. At Mamelund greier å lese fagspråkplanen som den endelege dødsstøyten for internasjonalisering av forsking er krevjande å ta seriøst. «Uten internasjonalisering vil forskningen på mitt fagfelt falt i kvalitet» skriv Mamelund, som om det no skal bli slutt på internasjonaliseringa. Fagspråkplanen seier det motsette: At mykje norsk forsking i dag blir publisert på engel


































































































