AddToAny

Eg saknar ein offensiv frå leiar Steffen Handal om korleis Utdanningsforbundet vil jobbe for å stanse desse overgrepa.

Eg saknar ein offensiv frå leiar Steffen Handal om korleis Utdanningsforbundet vil jobbe for å stanse desse overgrepa.
Tradisjonelt har foreldre og samfunn hatt stor tillit til barnehagen og skolen. Det er ikkje grunnlag for denne tilliten utan at lærarane, skolen og samfunnet generelt tek eit krafttak for å førebyggje og avdekkje seksuelle overgrep mot barn.
Lærarstanden og Utdanningsforbundet har ein jobb å gjere. Følg Utdanningsnytt på Facebook!

Fagbladet Utdanning har sett søkelys på seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage. I Utdanning nr. 21/2016 blir det fortalt om læraren som misbrukte 20 elevar gjennom eit langt liv i skolen. Det blir fortalt om 74 lærarar som er involverte i saker som gjeld overgrep mot barn frå 2010-2016. På leiarplass skriv redaktør Knut Hovland: Dette kan rett og slett ikke fortsette (Se note 1 nederst i artikkelen).

"Vi må stanse dei seksuelle overgrepa mot barn."

Det kan ikkje halde fram slik. Det er på tide at alle gode krefter går i lag og tek desse problema på alvor. Vi må stanse dei seksuelle overgrepa mot barn. Vi må stanse dei i samfunnet generelt, og vi må stanse dei i skole og barnehage spesielt.

Tradisjonelt har foreldre og samfunn hatt stor tillit til barnehagen og skolen. Det er ikkje grunnlag for denne tilliten utan at lærarane, skolen og samfunnet generelt tek eit krafttak for å førebyggje og avdekkje seksuelle overgrep mot barn. Skal skole og barnehage kunne fortene tillit frå foreldre og samfunn, er det heilt avgjerande at lærarane går i spissen for det oppryddingsarbeidet som no må gjerast i eigen profesjon.

"Det er ikkje nok med ei etisk plattform på papir."

Det er ikkje nok med ei etisk plattform på papir. Det trengst eit målretta og hardt kunnskapsbasert arbeid for å få auge på problemet i eigen profesjon og for å finne relevante tiltak for å byggje ein etisk plattform av kunnskap inni oss sjølve som gjer at vi ser overgrepa og at vi har mot og vilje til å ta tak i det vi ser.

Empirien viser at menn er sterkt overrepresenterte i saker som gjeld vald og seksuelle overgrep mot barn i skole og barnehage. Dette er eit faktum som gjer det særleg utfordrande å gå inn i denne problematikken, ikkje minst på bakgrunn av at det er viktig å rekruttere fleire menn som lærarar i skole og barnehagen.

"Det er ingen menneskerett å vere lærar i skole eller barnehage, verken for kvinner eller menn."

Ikkje fordi menn må få vise omsorg, slik kjernepunktet lett blir når problematikken seksuelle overgrep mot barn kjem på banen (Se note 2 nederst i artikkelen). Grunngjevinga må vere barna sine behov for eit allsidig og trygt læringsmiljø. Det er ingen menneskerett å vere lærar i skole eller barnehage, verken for kvinner eller menn.

Lovverket gjer eit forsøk på å skilje ut dei lærarane som absolutt ikkje får lov til å vise omsorg i barnehage og skole, gjennom å krevje politiattest. Men reportasjen i Utdanning viser til fulle at vi kan ikkje stanse seksuelle overgrep mot barn gjennom lovverket åleine.

Ei viktig utfordring er å ikkje lage eit skilje mellom oss og dei gjennom å demonisere overgriparen. Fordi overgriparen ter seg ikkje som ein demon. Tvert imot. Han er mest lik oss andre. Han er snill og omtenksam. Han er ein svært dyktig lærar. Han viser omsorg og e

Les mer

Flere saker fra Utdanning

– Garnet sitter fast! roper Signe.
Utdanning 04.09.2026
Ikke alle elever er begeistret over en bok som skal bidra til å oppdra sanne patrioter med «sunne» verdier.
Utdanning 04.09.2026
Meldar: Kirsten Flaten, dosent ved Høgskulen på Vestlandet Vurdering for læring er eit kjent omgrep i pedagogikk, og boka tar opp vurdering i skulen, både på godt og vondt.
Utdanning 04.09.2026
En endring i innkjøpsordningene gjør at 700 skoler kan få gratis bøker fra Kulturrådet fra neste år.
Utdanning 04.09.2026
Et barn som sover alene i tunnelen til en sklie. To barn forsvinner på tur. En ansatt er alene med 21 unger på avdelingen. Hver av disse hendelsene kunne ha fått alvorlige konsekvenser.
Utdanning 04.09.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt