- Eg har alltid vore interessert i å fordjupa meg i kunnskap. Eg er eit litt håplaust case, eg har to mastergrader og diverse andre greier - når eg lurer på noko er svaret mitt å ta meir utdanning. Eg jobbar med innovasjon og kommersialisering frå forsking i VIS, Vestlandets innovasjonsselskap, og såg at innovasjonsfeltet er eit fragmentert og svært empirisk fagfelt. Eg har òg etter kvart oppdaga at mykje av det ein bestemmer seg for å gjennomføra i sektoren, ikkje alltid er gjort utifrå eit kunnskapsgrunnlag. Eg var heldig, arbeidsgivar oppmoda meg om å ta doktorgrad, så då sette eg i gang. Eg har tatt ein offentleg sektor-ph.d. som er delfinansiert av Forskingsrådet, og var teken opp ved Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen. Utgangspunktet mitt er at eg er praktikar, og eg vart undervegs utfordra på at eg var tett på det feltet eg forska på. Men særleg når eg var i utlandet opplevde eg at det var det stor interesse då eg presenterte prosjektet mitt på konferansar og slikt.
- Kan du presentera forskingsprosjektet ditt i korte trekk?
- Eg


































































































