Magasinet for fagorganiserte
26.10.2022
Rumenske Adrian Dumitrescu organiserte kollegaene i bemanningsbyrået, fekk sparken og vann fram i retten. No har sveisaren fått ny jobb på Aker Stord og drøymer om å hente kona og ungane til Norge.
STORD: Dumitrescu organiserte kollegaene sine i bemanningsbyrået Offshore Support Nord i 2018. Han hadde vore utleigd til eit selskap i Danmark, der dei tilsette var fagorganiserte, og tok med seg kunnskapen tilbake til Stord og dei rumenske kollegaene som var utleigde til Oma Båtbyggeri. Fellesforbundet-klubben fekk på plass tariffavtale i bemanningsbyrået og gjennomslag for kravet om gratis flybillettar heim til Romania.
Så fekk klubbleiaren sparken i 2020. Det var eit forsøk på fagforeiningsknusing, meinte Adrian Dumitrescu, Fellesforbundet og LO. Dei tok saka til retten og vann fram på alle punkt i 2021.
- Eg gjorde det for kollegaene mine og andre arbeidsinnvandrarar i Norge. Eg ville vise at vi ikkje finn oss i kva som helst, seier han til Magasinet eit halvanna år etter at dommen falt.
VILLE GJORT DET IGJEN
Gjennom tvangsinndriving fekk Dumitrescu til slutt pengane han skulle ha i oppreising og erstatning, men vart forsøkt permittert frå jobben og forhindra frå å komme tilbake i arbeid på Oma Båtbyggeri. Han er enno ikkje ordentleg på fote, fortel Dumitrescu. Han har framleis gjeld igjen å betale frå da han un
Les opprinnelig artikkelSå fekk klubbleiaren sparken i 2020. Det var eit forsøk på fagforeiningsknusing, meinte Adrian Dumitrescu, Fellesforbundet og LO. Dei tok saka til retten og vann fram på alle punkt i 2021.