Fri tanke
16.08.2021
Tor Arne Granmo mista kona si allereie før ho døydde, men det forenkla ikkje møtet med døden.
Då Tor Arne Granmo (71) mista kona Anne Kari etter fem år med Alzheimers sjukdom, var det fleire som sa: «Du var jo førebudd på døden?»
Men han kjende det ikkje slik. - Du er aldri førebudd, uansett om du veit at det skal skje. Eg trur at døden er like vanskeleg å bere uansett. Då ho levde, kunne eg jo besøke ho, sjølv om ho ikkje merka at eg var der. Den dagen ho var død, var det ingen å gå til.
Bit for bit hadde ho blitt borte for han.
- Eg mista henne jo på ein måte då ho ikkje lenger kjende meg att. Og dei siste månadene låg ho der berre, utan nokon som helst kontakt med meg. Det var vondt og vanskeleg. Men når døden blir ein realitet, er det endeleg.
DEN SISTE BILTUREN
Alzheimers sjukdom er den vanlegaste årsaka til demens. Hjerneceller skadast og går tapt, og dei første symptoma er vage. Granmo hugsar at Anne Kari ein kveld kom heim frå jobb og sa at første giret på den nye bilen ikkje virka. Jo, det gjer det vel, sa ektemannen. Nei, sa Anne Kari.
Dei sette seg i bilen, med henne bak rattet. Ho køyrde i 80 km/t, skulle svinge av vegen og prøvde å setje bilen i første gir. Det gjekk ikkje - slik det aldri går, sidan første gir er for aller lågaste fart.
Tor Arne forklarte. Men Anne Kari stod fast på at slik hadde ho alltid gjort det. Etter det køyrde ho aldri meir bil.
EIT SJOKK
Dei hadde merka an
Gå til medietMen han kjende det ikkje slik. - Du er aldri førebudd, uansett om du veit at det skal skje. Eg trur at døden er like vanskeleg å bere uansett. Då ho levde, kunne eg jo besøke ho, sjølv om ho ikkje merka at eg var der. Den dagen ho var død, var det ingen å gå til.