Bondebladet
07.12.2017
Kombinasjonen korn og svin med størst framgang. Dei store linjene for 2016 er framgang for mjølk og svin, og nedgang for sau og korn. Det er likevel stor variasjon i inntektene mellom ulike driftsformer, skriv Nibio.
- Etter to svært gode år med stor auke både i 2014 og 2015, er det positivt å kunne vise til ein viss auke i inntektene også i 2016, seier seniorrådgjevar Torbjørn Haukås i Nibio.
Les merDriftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 908 bruk fordelte over heile landet. Haukås er ansvarleg for driftsgranskingane.
Stor nedgang i korn
- Den gjennomsnittlege kornbonden fekk ein inntektsnedgang på 29 prosent i 2016 samanlikna med 2015. Da bør det samstundes seiast at både 2014 og 2015 var svært go


































































































