AddToAny

Draumeseminaret

Draumeseminaret
Moralfilosofane vil ikkje moralisere over moralfilosofen Henrik Syses moralske forsvar for sin moralske praksis i forbindelse med Nicolai Tangens moralske seminar.
Ikkje vil dei raljere heller, over Henrik Syses oppsummering i Khrono nyleg, der tema ikkje var privatfly, dyre konsertar og fancy hotell, men innhaldet det i utgangspunktet hemmelege innhaldet på det akademiske programmet under den påtroppande oljefondsjefens kalas i Philadelphia.

- Meiner ikkje så mykje om. Er ikkje den rette til å meine.

Seier moralfilosofar i aust og vest og nord og sør når Khrono ringer og prøver å polarisere.

Å seie at dette er ein misjonerande eller kolonialistisk tenkemåte, er ikkje noko eg føler for å seie noko om.

Ole Martin Moen, professor i filosofi, OsloMet

Vi ringte ein etisk økonom også, i desperasjon, kanskje, men nei, han var «inhabil». Eit par filosofar borti Bergen løftar det litt, men det blir fort litt mykje pro i forhold til contra.

For å ta høgd for den teoretiske sjansen for at nokon har gått glipp av denne historia:

Ein hedgefond-milliardær frå Sørlandet, busett i London dei siste 20 åra, skal flytte heim for å bli sjef for oljefondet. VG avslørte at han, Nicolai Tangen, ei tid før han fekk jobben (utan å stå på offentleg søkarliste) hadde spandert luksusprivatfly, luksushotell, konsertar - ein heil liten festival med Sting, Gregory Porter og Sara Bareilles - og eit seminar. Etterpå har ingen snakka om noko anna. Blant dei inviterte var ein god gjeng frå det øvre samfunnssjikt (fleire av dei skal ha vore referansar då Tangen blei tilsett) for eksempel ein statsråd, ein avtroppande oljefondsjef, eit par mediebaronar og ein regjeringsadvokat - og moralfilosof Syse.

Ifølgje ein e-post Syse sjølv har skrive til Khrono, etikaren, nobelkomitemedlem, Tangen-vennen, seniorforskaren, forfattaren, professoren, var seminaret i Philadelphia først og fremst - ikkje for deltakarane - men:

«dei som ikkje var der».

Hallo?

Sysesaker

Syse fungerte, ifølgje seg sjølv, som ein slags akademisk toastmaster, som sydde det hemmelege programmet med intellektuelle superstjerner i hop, før alle fekk riste laus til innkjøpt konsert med Sting på kvelden.

Hemmeleg, var det altså, sidan det var sitat- og sosiale mediumforbod på arrangementet, eller munnkorg, eller Chatham House-reglar, eller kva metafor ein føretrekker. Det galdt visst både Sting og «drømmeseminaret», som er Tangens merkelapp på arrangementet på universitetet der han ein gong var student, Wharton Business School ved Universitet i Pennsylvania.

Modesty, propriety can lead to notoriety, song Sting til dei dansende vennene, ifølge eit videoklipp på ein Instagram-konto som blei sletta utan forklaring.

Dei seminaret ifølgje Syse var for, dei som ikkje var der, er ein god del, sidan det skal ha vore berre 130 inviterte. Men Syse forklarer at målgruppa trass alt var noko meir distinkt, og seminaret var for

«de fattigste av de fattige som Nicolai (Tangen red.merk.) støtter i flere flotte prosjekter i Afrika og Asia så de kan få ordentlig utdannelse de som aldri har vært på en slik konferanse eller ville skjønne det som blir sagt der.»

Altså, ærleg talt.

Då e-posten frå Syse til Khrono kom inn, var det ti år lange styrevervet hans i Tangens pengebinge alt kjent. Pengebingen er tilfeldigvis, eller ikkje, registrert på dei klimatisk framifrå, men etisk ufullkomne Cayman-øyane, notert på EUs svarteliste over skatteparadis.

I jantelandet blei Syse sjølvsagt grilla på svak varme

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt