AddToAny

Dom over årets rektortalar: Nokre liknar på infoskriv

Retorikkekspertane ville gjerne hatt meir spissa innhald, kortare talar og mindre informasjon. - Kronprinsen klarte seg med fem minutt, seier professor.
Svadaretorikk og paternalisme. Det var dommen då to retorikk-ekspertar analyserte rektorane sine studiestart-talar i fjor. Sjølvsagt var det nokre unntak, men hovudkonklusjonen frå professor Kjell Lars Berge og postdoktor Ida Vikør Andersen var at det som kom frå rektorane var for tamt, og at dei ikkje i stor nok grad nytta situasjonen til å løfta viktige problemstillingar og markera seg i ei breiare offentlegheit.

Korleis har det gått i år?

Dag Rune Olsen, rektor ved UiT Noregs arktiske universitet, varsla på førehand at han skulle ta med sitat frå Jürgen Habermas. Andre rektorar siterte Garborg og Arkimedes. Men var talane betre enn i fjor?

- Eg synest Kjell Lars si oppsummering frå i fjor; paternalistisk konfirmasjonstale, er ei presis oppsummering også i år.

Det seier Charlotte Hidle, stipendiat ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Kjell Lars Berge sjølv seier at det er mindre formaningar i år enn i fjor. Men han saknar framleis noko:

- Det er ingen som set desse talane inn i ein aktuell kunnskapspolitisk kontekst. Akademia har gått gjennom store endringar med Ola Borten Moe som statsråd. Dette er noko rektorane har meint noko om, men dei vil tydelegvis ikkje vera politiske no.

Synest mange er for lange

Hidle plasserer rektorane sine velkomsttalar i den epideiktiske tradisjonen. Tilbake til antikken var dette talar som skulle lovprisa - eller kritisera - noko i notid, og som skulle konstituera ein fellesskap eller identitet.

- Det er mykje som skjer for studentane. Mange er i ein ny by, dei møter nye menneske. Det er òg mykje informasjon frå studiestadane, i form av kanskje både fakultetsvise og fagspesifikke informasjonsmøte, før det er informasjon om faddergrupper og fadderveke, seier Hidle.

- Og så får dei i tillegg ein tale frå rektor med både praktisk og historisk informasjon. Det får meg til å lura på kor mykje studentane klarar å få med seg om årstal og foreiningar.

- Med få unntak trekkjer ein ikkje fram dei klassiske danningsideala. Ein snakkar om at ein skal utdanna seg til lærarar og ingeniørar og koma seg ut i samfunnet - det er litt yrkesskule over det heile, seier Berge.

Han sukkar litt over sjølve stilen i mange av talane. Det vert for kvardagsleg, seier retorikkprofessoren.

- Men retorisk høgstil er jo ikkje noko ein nyttar lenger.

- Vågar å vera tydeleg

Hidle trekkjer fram to talar som gode: Talen Dag Rune Olsen hadde ved opninga ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) i Tromsø og talen Gunnar Yttri hadde ved Høgskulen på Vestlandet sin cam

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt