Når ein først har 16 millionar på bok, så kan ein forvalte dei på eit vis som gjev avkastning, og som gagner alle. Linn Antonie Vårdal Solheim Eksternansvarlig, NHHS
I dag startar landsmøtet. Eg føler derfor at det er på høg tid å setje søkelys på eit par saker og ting. Som student ved Norges Handelshøyskole og vordande siviløkonom har eg, og dette kjem kanskje ikkje som ei overrasking, ein del ting å ta opp om når det kjem til den økonomiske styringa i NSO.
I organisasjonen i dag snakker ein mykje om berekraft og om FN sine berekraftsmål. Det har ved fleire høve blitt ytra at desse skal ligge til grunn for dei vala som blir teke i ulike ledd og nivå av organisasjonen.
Mitt første møte med Norsk studentorganisasjon var under Høstkonferansen i 2018, så i ein NSO-målestokk er eg berre barnet å rekne. Inntrykket eg sat att m

































































































