Første steg
09.12.2016
Barnehagebarn som tvingast til å undertrykkje sinnet sitt, kan slite med å takle konfliktar seinare i livet, meiner barnehageforskar Liv Torunn Grindheim.
Er det slik at barn ikkje får lov til å vere sinte i barnehagen? Førsteamanuensis og barnehageforskar Liv Torunn Grindheim ved Høgskulen i Bergen seier at det får dei, men at sinne ser ut til å bli oppfatta som noko ein helst skal unngå. Det syner også barnehagens rammeplan, som slett ikkje nemner sinne, mens derimot «glede» er nytta 24 gonger.
- At glede er så sterkt vektlagt, forstår eg som eit syn på kva som kjenneteiknar «den gode barndomen». At både konfliktar og sinne kan vere konstruktivt for å vidareutvikle eit fellesskap, har kanskje vore ein meir framand tanke i barnehagesamanheng, seier Grindheim. Ho har forska på haldningar til barns sinne i barnehagen gjennom observasjon og samtalar med barn og tilse
Gå til mediet- At glede er så sterkt vektlagt, forstår eg som eit syn på kva som kjenneteiknar «den gode barndomen». At både konfliktar og sinne kan vere konstruktivt for å vidareutvikle eit fellesskap, har kanskje vore ein meir framand tanke i barnehagesamanheng, seier Grindheim. Ho har forska på haldningar til barns sinne i barnehagen gjennom observasjon og samtalar med barn og tilse