professor emeritus, Institutt for landskapsplanlegging, NMBU
Byane har alltid vore den viktigaste motoren i økonomisk utvikling, og i aukande grad er det i byar ein finn avansert forsking og undervisning. Men ein må legge vekt på motor. For det finst mange ulike typar av by. Dei fleste vil kanskje vere av typen einsidige industristader som til dømes sete for religiøs makt, som sete for administrativ ekspertise eller som sete for storskala industri.
Men innimellom dei mange spesialiserte tettstadene finn vi byar der mangfaldet er det vesentlege, der kunnskapsutvikling og spesialisering er det mest karakteristiske.
Kva gjer byen til motor i økonomien?
Eg vil freiste forklare kvifor transportinfrastrukturen er det primære. Byen si rolle i økonomien kan vi skjøne ved å tenke etter den dynamiske koplinga mellom tre karakteristikkar ved byar, nemleg tettleiken av busetnaden, storleiken av befolkninga, og graden av arbeidsdeling.
Arbeidsdeling er kjernen for alle slags samfunn
Graden av arbeidsdeling er eit kjernepunkt for sivilisasjonen og økonomien vår. Ein kan sjølvsagt tenke seg eit samfunn der kvar person må vere a jack of all trades. I slike samfunn vil ingen ha tid og krefter til å bli skikkeleg god i den typen aktivitet som krev øving og praktisering jamt og trutt.
Ein ser da også at det ikkje skal så mange naboar til før dei hjelper kvarandre med det dei er best til. Spesialisering og bytte av tenester er ikkje ei urban oppfinning. Men dyktige spesialistar har funne fram til byen som ei samfunnsform som lettar og utviklar spesialiseringar. S


































































































