«Vi har ikke kapasitet til å starte saksbehandling av søknaden deres i 2023. Dette gjelder alle søknader om akkreditering av studietilbud som vi mottok i mars 2023».
- Me føler at me har vore oppe til eksamen, men så manglar det sensor, seier NLA sin prorektor Amund Langøy.
- Å jobba fram ein slik søknad er arbeidskrevjande, det er eit omfattande arbeid. Nokut må ha visst før 1. mars at dei ikkje ville kunne handsama søknader, så det hadde vore ryddig om me fekk beskjed om dette litt før.
Handsamar ingen
Khrono har fleire gongar skrive at Nokut sjølv har varsla at det kan verta kø. I november åtvara Nokut-direktør Kristin Vinje om at Nokut kan verta ein propp i systemet: Regjeringa ønskjer ei satsing på fagskular, og har gitt pengar til fleire studieplassar. Men desse skulane er ikkje sjølvakkrediterande, slik universiteta er, slik at alle studietilbod må godkjennast.
- Det kjem til å verta kø, sa Vinje, og varsla at dei økonomiske


































































































