AddToAny

Det forbanna universitetet

Rektor har lagt fram ein plan for å sy saman eit meir robust Nord universitet. På grasrota raknar saumane sting for sting.
1. Introduksjon

Stokmarknes-Bodø-Mo i Rana-Nesna-Sandnessjøen-Namsos-Steinkjer-Levanger-Stjørdal (Khrono): Ho er i eit helvetes humør, Ida Maria Børli Sivertsen, betre kjent som rockeartisten Ida Maria. Ho bur ikkje lenger i Los Angeles. No er ho ordførarkandidat i ein kommune på Helgeland med 1784 innbyggarar. Og klar for kamp.

- Då politiet endeleg rakk fram, med skjold og full utrustning og det heile, var alt pent rydda opp, flirer ordførarkandidaten.

For nokre veker sidan stod ho i spissen då bygdefolket sperra Fylkesveg 17 med traktorar og flammande oljetønner. Plakatane hadde påskrifter som «Mord universitet» og «Bodø dreper Helgeland».

Eg har ikkje utdanning, men eg har danning. Ida Maria Børli Sivertsen Artist, Nesna

Dersom rektor og leiinga for Nord universitet i Bodø får viljen sin, blir sjølve hjørnesteinen lagt ned: Nord universitet, avdeling Nesna. Heile bygda er i kamp, alle har ein aksje i Campus Nesna: ei utdanning, ein jobb, ein mann, ei kone. Ida Maria har begge foreldra sine der.

Politiet i nabobyen Mo i Rana gjorde det klart at dei kom til å rydde fylkesvegen, men rakk ikkje fram.

- Ein herleg illustrasjon på konsekvensane av sentraliseringa, ikkje sant?

Latteren gjallar kring ein blågrå Volkswagen 2009-modell som har parkert utanfor hovudinngangen. Bak rattet, Hans Petter Sørensen, fotograf, miljøterapeut og i dag sjåfør for Ida Maria som har ein avtale ho kjem for seint til. Han brukar det han har, det var han som tok bilda av aksjonen på fylkesvegen, som gjekk landet rundt.

- Eg vil redde bygda mi, seier han.

Dette er Nord universitet

Han er halvstudert røvar. Ida Maria er ikkje eingong halvstudert, hennar day job, som ho kallar det, har vore å spele rockekonsertar. Men no handlar alt om kampen.

- Eg har ikkje utdanning, men eg har danning. Fordi denne akademiske institusjonen finst her, seier ho.

Ida Maria skiftar snus. Hans Petter sjekkar likes. Facebook-gruppa «Folkeaksjonen for høyere utdanning på Helgeland» har bikka 20 000 medlemmer.

Dei er i eit helvetes humør.

1.2 Indikator for attraktivitet

«Konsentrasjon for kvalitet», sa kunnskapsministeren. Færre og større einingar, befalte Stortinget. Dermed vart Nord universitet skapt, gjennom ein fusjon mellom Universitet i Nordland i Bodø og høgskular i nordreTrøndelag og på Helgeland i 2016.

Frå Stokmarknes i nord til Stjørdal i sør er det nesten 900 kilometer. Det er omtrent dobbelt så langt som distansen mellom Oslo og Bergen. Nord er Noregs lengste, i alle fall mest avlange, og for tida mest trøblete.

Sidan starten har det vore eit strev å leve opp til nye krav til produksjon, gradar og poeng. Tilsynsorganet Nokut har meir eller mindre konstant trua med å trekke heile universitetsstatusen.

Konsulenteselskapet PricewaterhouseCoo-pers (PwC) har hjelpt universitetsleiinga med å prøve å få terrenget til å stemme med kartet. I januar presenterte PwC ein rapport spekka med «strukturelle utfordringer». Ikkje lenge etter kom statsråden nordover for «å snakke alvor». Deretter gjekk dåverande rektor av.

I april presenterte konstituert rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen, ein plan for ny struktur. Nord må bli meir «robust», ressursane må konsentrerast i Bodø og i Levanger, på to hovudcampusar. «Dagens studiestedsstruktur er ikke egnet til å fremme god måloppnåelse», heiter det i rapporten.

Det heiter det ikkje på Helgeland.

No står Nord universitet og rektor Hansen i ein posisjon som kan minne om den som oppstår når eine foten står på kaia og den andre på båten, som glir ifrå.

Den 26. juni skal styret ved Nord universitet ta stilling til framtida for Stokmarknes, Bodø, Mo i Rana, Nesna, Sandnessjøen, Namsos, Steinkjer, Levanger og S tjørdal, pluss fagfolk plassert i Verdal og på Leknes i Lofoten - og kanskje også for rektor.

Kven skal ut?

2. Universitetet på Stokmarknes

- Nix, seier praksiskoordinator Hanne-Vibeke Jensen, ho kjem ikkje til å flytte. Ho ser ikkje heilt fordelane med å flytte å flyge inn lærarar og rettleiarar frå Bodø.

- Sjukepleiarutdanninga har 50 prosent praksis. For oss handlar det om å vere tett på for å følgje opp studentane. Eg ser ikkje heilt korleis dette skal bli like bra om vi skal bort. Det er ikkje dårleg med søkarar heller, 178 til 40 plassar, seier Jensen.

Det er lett å finne fram til universitetet, NORD-skiltet ruver godt under Hurtigrutens hus-skiltet. To roll-ups står i inngangspartiet, vis av vis kinokiosken. Den eine med kart og raude punkt for alle dei ni campusane hos NORD. Den andre spør «Glad i mor?» og svarer «Studer der du bor».

Stokmarknes skal ikkje leggast ned, men alle dei 11 fagleg tilsette, skal ifølgje planen bort og samlast i Bodø. Det hjelp ikkje at sjukepleieutdanninga her kan tilby praksis i det nye sjukehuset på Stokmarknes. Undervisninga må bli forskingsbasert, er eitt av argumenta.

- Men vi har jo forsking, seier kontorsjef Barbro Fjellheim Holm. Ein har disputert, to er på veg. Holm prøver å vere optimist, trass alt.

- Vi ser ikkje på det som skjer som noko nedskalering. Tvert imot. Eg håper vi kan bli den studiestaden som reindyrkar den nett- og samlingsbaserte modellen.

Det trengst, meiner ho, og får støtte frå sjukpleiarkoordinatoren. Ho tok sjølv utdanninga si på det første desentraliserte utdanningstilbodet på Stokmarknes i 1995. Då hadde ho alt familie, alternativet var inga utdanning.

2.2 Universitetet i fjøra på Stokmarknes

- Det hadde ikkje akkurat vore praktisk for meg å studere i Bodø. Det hadde vore umogleg.

Barnehagelærarstudentane på Stokmarknes er sendt på ekskursjon i fjøresteinane der dei skal lære om livet i havkanten. Korstoll og kråkebollar. Svamp, nesledyr. Vêret skiftar og det skal

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt