Magasinet for fagorganiserte
02.03.2024
Industriarbeidarane på Luster Mekaniske er del av eit gasseventyr verdt milliardar. No vil dei ha reale tillegg i løna.
GAUPNE I SOGN: - Eg er gjerne med på ein god streik eg. Det er på tide med lønsauke no.
Sveiseveteran Kjell Kvalen gler seg til tariffoppgjeret. Han og dei andre på Luster Mekaniske Industri (LMI) er i kjernen av det som er kjend som frontfaget, den konkurranseutsette industrien som forhandlar løn og vilkår før alle andre - og legg lista.
Dei tilsette på LMI kan ting nesten ingen andre i verda kan. Dei lagar modular til gassfeltet Ormen Lange i Nordsjøen, modular som skal fungere 900 meter under havoverflata. Målet er å kjøle ned gassen, og slik gjere det mogleg å få ut mykje meir gass enn med den gamle teknologien. Verdien av dette pionerarbeidet er svimlande.
RAMMA, IKKJE MEIR
Grunnlaget blir lagt ved sveising i hallane i Gaupne. Det er pinleg nøyaktig, her er det snakk om millimeterpresisjon på digre konstruksjonar. Fagfolka her veit kva dei gjer, og arbeidet deira er underlagt eit ekstremt kontroll- og testregime.
Desse produktive og kompetente arbeidarane er del av den statistikken som syner at norsk industri går godt. Oljealderen er ikkje over i Gaupne, ikkje på lenge. Når det så kjem til løn, er det ikkje like s
Les opprinnelig artikkelSveiseveteran Kjell Kvalen gler seg til tariffoppgjeret. Han og dei andre på Luster Mekaniske Industri (LMI) er i kjernen av det som er kjend som frontfaget, den konkurranseutsette industrien som forhandlar løn og vilkår før alle andre - og legg lista.