Lærerløftet er departementet sin strategiplan for grunnskule og lærarutdanning. Tiltaket vil øke elevenes læringsutbytte, lovar departementet. Studien Lærerkompetanse og elevresultater utgjer eksplisitt ein del av kunnskapsgrunnlaget for Lærerløftet, og det var denne studien kunnskapsministeren synte til då han i eit intervju med forskning.no 24. november 2015 drog i tvil motseiande funn i ein fersk rapport i Samfunnsøkonomen nr. 5/2015.
Lærerkompetanse og elevresultater syner at det ligg føre ein positiv samanheng mellom andelen av lærarar med lektorkompetanse ved ein skule og denne skulen sine læringsresultat i matematikk og lesing. Når kunnskapsministeren i eit innspel i Utdanning nr. 4 2016 skriv at studien viser en positiv sammenheng mellom lærerens utdanning og elevens faglige prestasjoner, demonstre


































































































