Mathias Oppedal fortel om masterprosjektet sitt ved Universitetet i Stavanger. Journalisten er tilbake i full jobb i NRK Rogaland, men i vår leverte han eksamensoppgåva si: Filmen «Skeiv mamma». Dei siste vekene har filmen fylt kinosalane både i Stavanger og på Bryne, og mellom anna ungdomsskulelærarar har teke kontakt og sagt at dei gjerne vil visa filmen til elevane sine.
Det var på ingen måte dette som var tanken då Oppedal for nokre år sidan første gong møtte Skjöldur Eyfjord.
Jobba med medstudent
Oppedal har teke master i dokumentarproduksjon, og fokus har vore på historieforteljing. Det første studieåret skulle studentane jobba saman i par og samarbeida om eit portrett.
- Eg kjenner ei som kjenner Mio, og ho fortalde om han; dragartisten som hadde vorte far. Det kunne vera ei spanande historie, tenkte eg, seier Oppedal.
Saman med medstudent Eli Nessa møtte han då Mio, som islandske Skjlöldur Eyfjord kallar seg.
Det vart starten på at Oppedal følgde ein ikkje heilt A4-familie det neste halvanna året: Mor Ines Gapsch, far Skjöldur «Mio» Eyfjord og far Magnus Johann Cornette.
Ein singel og eit ektepar
Ines Gapsch er tysk, m


































































































