Fagbladet
02.05.2022
Frå 1. april 2023 tek Sjukehuset Telemark HF over drifta av sju private ambulansestasjonar i Telemark. Då er det berre Sørlandet sjukehus som framleis let private drifte ambulansetenesta.
Alle dei tilsette på stasjonane er nøgde med at dei frå neste år blir tilsett i Sjukehuset Telemark HF.
- Eg veit ikkje om vi får høgare løn, men vi får ei mykje betre pensjonsordning, seier Hans Kjetil Hommo. Han er tillitsvald på ambulansestasjonen i Tokke.
Overgangen frå privat til offentleg drift betyr at ambulansearbeidarane får særaldersgrense. Då er pensjonsalderen 60 år. Viss alder og arbeidsår til saman er 85 år eller meir, kan dei gå av med pensjon når dei fyller 57 år.
I avtala som gjeld private selskap og deira tilsette, er pensjonsalderen 67 år.
FÅR TRULEG MEIR I LØN
I dag får ambulansefagarbeidarane i Tokke og dei andre stasjonane som framleis er private, eit tillegg på 20 prosent mellom klokka 20.00 og 08.00 uansett om dei er på stasjonen eller ute på utrykking. Men dei får berre betalt for ein tredel
Gå til mediet- Eg veit ikkje om vi får høgare løn, men vi får ei mykje betre pensjonsordning, seier Hans Kjetil Hommo. Han er tillitsvald på ambulansestasjonen i Tokke.