Arkitektnytt
22.12.2022
Dei neste åra skal vi busette rekordmange flyktningar, og vi skal sikre ein berekraftig bygningsmasse for framtida.
Då må vi tenkje nytt om bruk og gjenbruk av dei bygningane vi allereie har, skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Les merDei tekniske krava er i stor grad laga med tanke på nye bygg, men dei gjeld like mykje når ein skal byggje om, rehabilitera eller endre bruken av bygg. Dei strenge krava kan vere vanskelege å forstå fullt ut, dei kan gjere ombygging dyrt og nærast umogleg å få til. No lager vi enklare reglar for deg som ønskjer å endre bustader og bygg. Det skal gi meir berekraftig gjenbruk av bygga våre, så dei får lenger levetid. Lovendringane som blir gjeldande frå 1. januar 2023 skal òg gjera at det blir raskar


































































































