AddToAny

Den sirkulære hovudstaden

Den sirkulære hovudstaden
Ved å gjenbruke heile bygg vil LPO arkitekter ta vare på klima, miljø, historie og identitet i Longyearbyen.
Ei gravemaskin lyser opp den polarmørke dagen og buldrar mellom bustadhusa like utanfor sentrum i Longyearbyen. Varsamt plukkar ho eit rekkehus frå kvarandre og legg materialet fint i haugar.
19. desember 2015 tok eit snøskred elleve hus i dette bustadfeltet, som blir kalla Lia. To personar døydde. I februar 2017 gjekk eit nytt skred og blåste gjennom eit rekkehus litt lenger sør. Etter skreda kom nye naturfarekart basert på klimaframskrivingar. Som ei følgje av dette skal 140 bustader fordelte på 30 bygg, fjernast.
På same tid som myndigheitene la planar for sikring og fjerning av bygg i Longyearbyen, vart det bestemt at Noreg skal avslutte kolgruvedrifta i Svea, ein kort pendlarflytur søraust for Longyearbyen. Heile samfunnet skal byggjast ned. Over hundre bygg skal fjernast i tillegg til infrastruktur.
- Store Norske kalla det eit miljøprosjekt, og me byrja å tenke på all den bygningsmassen som skulle sendast ned som søppel både frå Svea og Lia, og om den kunne nyttast som ein ressurs lokalt, seier arkitekt og partnar Ingvild Sæbu Vatn ved LPO arkitekters svalbardkontor.

LANG TRANSPORTVEG
Land som Nederland og Danmark har allereie jobba ei stund med sirkulærøkonomi. Der jobbar dei i hovudsak med å gjere gamle materialar til nye. På Svalbard såg LPO poten-
SIRKULÆRØKONOMI
Sirkulærøkonomi handlar om å halde produkt og materialar i økonomien så lenge som mogeleg. Slik vil ein redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til eit minimum. Det tyder at ein nyttar materialar om att, gjerne på nye måtar.

l dag byggjer samfunnet på ein lineærøkonomi, der me produserer nytt og kastar gamalt.

91 prosent av materialane og ressursane me hentar ut frå naturen, blir ikkje brukt om att, men kasta som avfall.

Dei siste 40 åra har årleg utvinning av materialar meir enn tredobla seg. Dagens ressursbruk er ikkje berekraftig.
Kjelde: Circular Norway
sialet for å flytte heile bygg. I tillegg kan bygg sjåast som materialbankar, ein viktig lokal ressurs med særmerkt identitet.
Vatn meiner at å få til ein sirkulær økonomi, kanskje er spesielt viktig på øygruppa langt nord i ishavet. Longyearbyen ligg tusen kilometer nord for Tromsø og har ikkje eigne naturlege byggematerialar, berre drivtømmer og stein av dårleg kvalitet.
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektnytt

Torsdag 9. mars vil takbaren på Folketeaterbygningen på Youngstorget i Oslo fylles for å markere en milepæl for norske arkitekturblader. Da feires sammenslåingen av Arkitektur-N og Arkitektnytt til papirmagasinet og nettstedet Arkitektur.
Arkitektnytt 02.03.2023
The Plus, Hasle Tre og Sophie Radich skole nominert til Årets Trebyggeri 2022.
Arkitektnytt 02.03.2023
Ja, jeg er «modernist» - hvis det er den rette betegnelsen for en som lar seg begeistre av god moderne design og arkitektur, skriver arkitekt Kim Skaara.
Arkitektnytt 01.03.2023
Innen 31. mars kan man nominere prosjekter til OAFs arkitekturpris 2023.
Arkitektnytt 01.03.2023
Skal Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) favne flere, må styret arbeide med å utvikle en organisasjonskultur som appellerer mer til unge medlemmer.
Arkitektnytt 28.02.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt