Posthornet
30.01.2017

Island er landet med flest i arbeid og minst lønsforskjellar - og nesten alle er med i ei fagforeining.
Skodda heng tung over Reykjavik, men ut av den reiser heisekraner seg som svingar frå side til side og vitnar om eit land som er i ferd med å riste av seg finanskrisa. Om du spør folk på gata kva dei tenkjer om politikarane sine prestasjonar dei siste åra, kjem grimasene og banneorda fort. Stiller du dei same spørsmåla litt utpå kvelden kan ølglasa flyge i veggen. Trass kriser og sinne mot politikarar som dansa svært tett med gamblande bankar, er Island også nasjonen der alle er med i fagforening og landet som toppar listene om kor i verda det er best å bu.
Opp av aska. Etter 2008 låg Island nede for telling. I 2016 greidde det vesle øylandet oppsiktsvekkande å kome seg til kvartfinalen i fotball-EM. Sigrane blei vunne av eit samla lag der alle jobba blodhardt og sprang langt over snittet for kva fotballspelarar gjer på landskampar. Innsatsen på fotballbanen får ein til å tenkje på det som har fått landet på fote igjen: Folk som har stått på i over tolv timar om dagen med både to og tre jobbar. Landet og økonomien har også fått drahjelp av Hollywood og ein askespyande vulkan.
Om ein spør folk kva dei tenkjer om fagforeningene på Island, blir tonen vesentleg mildare enn om du snakkar om den politiske eliten. Her har fagforeningane vore avgjerande for å få til ein velferdsstat, ettersom politikken og parlamentet har vore dominert av parti på høgresida sidan landet blei sjølvstendig i 1944. Fagforeningane på Island har ei anna rolle enn i Norge:
- På Island er ein stor del av vår velferd organisert av fagforeiningane og ikkje gjennom eit Nav-kontor. Vi er ein ytar av velferd, ikkje berre ein som krev det, fortel Gylvi Arnbjörnsson, leiar av ASI, Islands svar på LO.
Blir du sjuk, arbeidsledig eller skal få pensjon er det fagforeningane som sørgar for dette.
Verdsrekord i arbeid. Såra frå finanskrisa har langt frå grodd på Island. Offentleg sektor har vore gjennom brutale runder med kutt. Framleis er det slik at om du blir sjuk og må til lege eller behandling, må du betale rundt 25 prosent av utgiftene sjølv. Trass etterdønningane av finanskrisa, utmerkar Island seg på mange måtar. Den vesle øynasjonen set ein del verdsrekordar når det kjem til arbeid. Arbeidsløysa er på 2 prosent. Island er det landet i verda der størst andel av befolkninga jobbar. Tal frå OECD viser at heile 82 prosent av folk i alderen 15 til 64 år jobbar. Til samanligning er tala 75 prosent i Norge, og 68 i USA. Vidare viser informasjon frå OECD at Island er det landet i verda der lønsforskjellane er minst.
Bolig og velferd. Gylvi Arnbjörnsson i ASI er stolt over kva dei har fått til.
- Våre største sigrar er kanskje dei krava vi har stilt til regjeringane om velferd og bolig. Krav vi har fått igjennom. Dei største sigrane våre
Les opprinnelig artikkelOpp av aska. Etter 2008 låg Island nede for telling. I 2016 greidde det vesle øylandet oppsiktsvekkande å kome seg til kvartfinalen i fotball-EM. Sigrane blei vunne av eit samla lag der alle jobba blodhardt og sprang langt over snittet for kva fotballspelarar gjer på landskampar. Innsatsen på fotballbanen får ein til å tenkje på det som har fått landet på fote igjen: Folk som har stått på i over tolv timar om dagen med både to og tre jobbar. Landet og økonomien har også fått drahjelp av Hollywood og ein askespyande vulkan.