19. november i fjor, ikkje lenge etter at Donald Trump vann det amerikanske presidentvalet, arrangerte tenketanken med det uskuldige namnet National Policy Institute (NPI) ein konferanse nokre kvartal frå det Kvite hus.
I ei avsluttande tale på konferansen sa Richard B. Spencer, tenketankens leiar, at europearar er «i historia sitt sentrum»:
«Ingen sørger over dei store brota utført mot oss. For oss handlar det om å erobra eller døy. Dette er ei unik byrde for den kvite mann, at lagnaden vår heilt og halde ligg i våre eigne hender».
Det normale er storslått
Han heldt fram med å seia at dette var passande, fordi europearar har eit stort potensial som «born av sola».
«Me var ikkje meint å leva i skam og svakhet og vanære. Me var ikkje meint å trygla etter moralsk godkjenning frå nokre av dei mest avskyelege vesena som ureinar jorda på denne planeten. Me var meint å vinna, å vinna over det heile. Fordi det er naturleg for oss. Fordi det - for oss europearar - berre er normalt igjen når det er storslått igjen».
Great again. Referansen til Trump sitt valkampslagord var openberr nok. Og så kom: «Hail Trump. Hail our people. Hail victory».
Nokre av dei som var i publikum - ikkje eit fleirtal, men mange nok til at det uomgjengeleg fekk merksemd i etterkant - svara på det siste gjennom å løfta høgre armen med ei utstrakt hand, til det dei fleste vil oppfatta som ei nazihelsing.
Ei leiarlaus rørsle
«Trump har mang en gang blitt beskyldt for å spre rasisme», nokre dagar seinare. «Nå har en gruppe konservative, hvite menn kjent for svært rasistiske ytringer dratt navnet hans inn i nok en uheldig sak». Artikkelen omtalte Spencer som leiar av «den amerikanske nasjonalistbevegelsen Alt-right».
Den eigentlege historia er ei historie om ei leiarlaus rørsle. Og om noko anna enn konservatisme. Men den handlar definitivt også om Richard B. Spencer.
Richard B. Spencer er leiar av tenketanken National Policy Institute. FOTO: WikipediaCommons
For å forstå kva NPI er, er det naudsynt å gå attende i tid. Bak tenketanken står rikmannen William H. Regnery II.
Rikfamilien sitt svarte får
Namnet Regnery har i fleire tiår vore knytt til den amerikanske konservative rørsla, ikkje minst gjennom forlagsverksemda, som vart grunnlagt av William sin onkel, Henry, og var i familien sitt eige fram til 1993. Forlaget gav ut ei rekke bøker som var viktige for den amerikanske etterkrigskonservatismen, som William F. Buckleys God and Man at Yale og Russell Kirks The Conservative Mind.
Det åleine kan nok vera meir enn nok til at norske sosialdemokratar set kaffien i halsen, men William er det ein kanskje kan kalla Regnery-familien sitt svarte får. Den løyndomsfulle og mediesky rikmannen har ikkje halde seg til tradisjonell amerikansk konservatisme. I staden for har han i ei årrekke finansiert initiativ aller ytst til høgre i amerikansk politikk, eit myrlandskap djupt prega av både antisemittisme og rasisme.
I 2001 grunnla Regnery ei stifting kalla Charles Martel Society, «ein heim for vestleg nasjonalisme» kalla opp etter den frankiske leiaren Karl Martell, hærføraren som vann slaget ved Poitiers i 732 og dermed stogga maurarane, det vil seie muslimane, frå å overta landområde også på den franske sida av Pyreneane. Denne stiftinga gjev ut tidsskriftet The Occidental Quarterly, som lover å gje «vestlege perspektiv på menneske, kultur og politikk», og som i røynda har fungert som eit organ for ein intellektuell høgreekstremisme.
William H. Regnery II er rikmannen som i ei årrekke har finansiert initiativ aller ytst til høgre i amerikansk politikk. FOTO: faksimile
Påverknad frå fransk nyfascisme
I 2010 fekk tidsskriftet sine lesarar til dømes presentert artikkelen «Toward the White Republic», skriven av Michael O'Meara, ein amerikanar som er sterkt påverka av den franske, nyfascistiske nouvelle droite(nye høgre)-rørsla.
I artikkelen skriv O'Meara:
«Europeiske amerikanarar vil ikkje overleva ein generasjon til under det noverande jødisk-negroide regimet. Rasebevisste konservative reknar med eit framtidig kvitt tilbakeslag for å kunna mobilisera til forsvar for kvite interesser. Gjennom ei slik mobilisering - og gjennom ein 'marsj gjennom institusjonane' som vert snakka mykje om, men i lita grad praktisert - vonar dei å auka kvit rasebevissthet, å stå imot det demografiske trugsmålet ikkje-kvite utgjer og å introdusera refor


































































































