Det seier Sunniva Strønen Rønning, som er på gråten etter møtet på NLA Høgskolen tysdag kveld. Rønning er transperson og med i Raud Ungdom.
Det plar ikkje vera så mange på våre møte, dei plar ikkje vera så unge, og dei plar ikkje vera så usamde i det som vert sagt. Arve Kjell Uthaug Administrasjonssjef, UiB
«Let's be gay,» stod det på det store banneret dei viste under NLA Høgskolen sitt arrangement om seksualitet og homofili.
- Sjukt drygt, seier Sunniva Aresdatter Vik om arrangementet.
Ho er leiar i Raud Ungdom i Bergen, og initivtakar til demonstrasjonen.
- Me er opptekne av feminisme og likskap for alle seksualitetar. Her vil ein gjera om nokon si legning, seier ho.
Eks-homofil
Raud ungdom var berre nokre av dei som reagerte på det som kom fram under møtet tysdag kveld. Mike Davidson var hovudtalar. Han er frå Storbritannia, kallar seg eks-homofil og driv med konverteringsterapi. Han fortel at han allereie frå 10-årsalder kjente at han likte dei av same kjønn.
- Eg kjente at det var feil, men eg visste ikkje kva det var. Me hadde ikkje noko ord for homofili i Afrika, der eg vaks opp, på den tida, fortel 64 år gamle Davidson.
Han legg ikkje skjul på at han er konservativ kristen.
- Du stiller spørsmål ved identiteten min, sa E