AddToAny

Dei umerkelege kortslutningane

Dei umerkelege kortslutningane
Av og til snublar vi i våre eigne tankar. Men vi er ikkje alltid klare over det sjølve.
Du sit bak ei gardin med ermet bretta opp. Ein sjukepleiar stikk ei sprøyte i armen din. Endeleg var det din tur. Covid19, angst og frykt, farvel!
Problemet er berre dette: Ved å få vaksinen, får du også ein mikro-chip implementert under huda - ein ørliten mekanisme som gjer at du etterpå kan sporast via 5G-nettet. Alle butikkar du går til, alle menneske du møter, alt blir synleg for dei som overvakar. Du har fått vaksine, men mista privatlivet ditt.
Bak det heile står milliardæren Bill Gates.
Historia over er ikkje sann. Men då forskingssenteret Pew Research Center i juni 2020 undersøkte kor mange vaksne i USA som trudde på ho, var svaret 36 prosent.
Korleis kan ei slik historie spreie seg så breitt?

EIT TYNT GRUNNLAG
- Det meste av det vi trur, har vi relativt dårleg grunnlag for å tru på, seier psykolog Jan-Ole Hesselberg.
Det er vanskeleg å setje eit skilje mellom konspirasjonsteoriar og andre ting i liva våre, meiner han.
- Sjølv har eg for eksempel ei ganske sterk formeining om at klimaendringane er menneskeskapte og at vi bør ta dei på største alvor. Men viss du begynner å spørje meg detaljert om kvifor eg trur det, hamnar eg fort i ein vanskeleg situasjon.
Hesselberg er programsjef i Stiftelsen Dam og kjenner forskingsverda betre enn dei fleste. Men han er ingen ekspert på atmosfærekjemi.
- Svaret mitt måtte då bli at folk eg stolar på, seier det same. Og det kan du kalle eit tynt grunnlag.

EIGENTLEG EI GOD LØYSING
Men på like tynne grunnlag risikerer vi liv og helse kvar einaste dag. Vi syklar på syklar som andre har skrudd saman, vi drar på båttur når vêrmeldingane er gode og matar babyane våre med graut frå butikken.
Dei fleste i Noreg brettar også opp ermet når det er deira tur i vaksinekøa.
- Vi hadde ikkje kunne leve eit fornuftig liv viss vi skulle sjekke alt like grundig. Det er eigentleg ei god løysing at vi tar ting for god fisk, seier Hesselberg.
Nobelpris-vinnar og psykolog Daniel Kahneman skriv i boka
Tenke, fort og langsomt at vi har to tankesystem. I system 1 skjer dei kjappe og automatiske avgjerdene våre, som vi gjer i rikt monn kvar einaste dag. Vi kan takke dette systemet for at vi knyt skoreimane våre utan å måtte bruke mykje hjernekapasitet.
I system 2 skjer derimot dei bevisste avgjerdene, der vi tar val og bestemmer oss for kva vi skal tenkje på og gjere.
Kahneman meiner, som Hesselberg, at dette er eit smart opplegg, fordi det minimerer hjernens energibruk. System 2 kan også kome inn og korrigere når det automatiske systemet har gjort ein feil.
Men det er ikkje alltid vi fangar opp våre eigne kortslutningar.
DEN SPEDE STARTEN
Historia om mikro-chipen var ikkje ny. Ifølgje Asbjørn Dyrendal, professor ved NTNU og ekspert på konspirasjonsteoriar, har liknande historier versert både i USA og Europa tidlegare.
I 2008-09 var det til dømes ei historie i enkelte norske kretsar om ein mikro-chip i vaksinen mot svineinfluensa.
Nettopp ei slik resirkulering er typisk for konspirasjonsteoriar, ifølge Dyrendal. - Repetisjon har sin eigen verdi i den samanhengen. Det kan få historia til å verke meir truverdig, seier han.
Den amerikanske gravejournalisten Ike Sriskandaraja
Gå til mediet

Flere saker fra Fri tanke

HVORDAN TA OPP NOE VANSKELIG?
Fri tanke 14.02.2024
Når verden brenner og barn blir drept, er det vanskelig å føle nok omtanke for alle som trenger det. Hvordan klare å holde fast på denne mest menneskelige egenskapen?
Fri tanke 14.02.2024
- Hvis de bestemmer seg for å gjøre en demon ut av deg så greier de det, sier humanisten Gáspár Békés. Til slutt måtte han flytte utenlands.
Fri tanke 14.02.2024
Den som utforsker kvinnehelse generelt - og kvinners menopause spesielt - kommer fort til følgende konklusjon:
Fri tanke 14.02.2024
Det mest overraskende du kan si på internett er antagelig ikke «fitte» eller «idiot», men «jeg håper det går bra med deg?».
Fri tanke 14.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt