AddToAny

Dei stille barna blir ikkje sett

Dei stille barna blir ikkje sett
Stille, sjenerte og introverte barn får ikkje like mykje merksemd som barn med utagerande åtferd, viser undersøking. Får det stille barnet hjelp allereie i barnehagen, vil ikkje vanskane følgje barnet i skulealder.
Vaksne forventar og aksepterer meir høglydt og krevjande oppførsel frå barn no enn tidlegare, og det er blitt «umoderne» å være stille (Nilsen, 2007). Ein var ikkje like oppmerksam på dei stille barna før. I denne artikkelen presenterast resultat etter ei kartlegging av personalet i barnehagen si oppfatning av kva stille og tilbakehaldne barn treng i kvardagen.

Eg sit her heilt for meg sjølv. Ser ned. Det er ingen som ser på meg, ingen som spør om eg vil leike. Eg tør ikkje gå bort til dei andre barna, er redd for at dei skal sei eg ikkje får være med i leiken. Eg seier til ein vaksen at eg har vondt i magen, har lyst til mamma. «Uff då», seier den vaksne, «det var ikkje bra, kanskje du vil ... ... STIAN, GÅ NED FRÅ STOLEN! Du kan ramle ned og slå deg». Den vaksne er vekk, må redde Stian så han ikkje skal ramle ned frå tripptrapp-stolen, igjen. Eg sit her heilt for meg sjølv. Ser ned. Det er ingen som ser meg, ingen som spør om eg vil leike.



SJENERTE OG INTROVERTE

Dei stille barna i barnehagen er dei barna som ikkje gjer så mykje ut av seg, dei held seg i bakgrunnen og lagar ikkje uro. Det er dei som ein ikkje merkar om er borte ein dag, eller som ein kanskje lurer på om faktisk var i barnehagen etter endt arbeidsdag, dei barna som forsvinn litt i mengda. Vi høyrer ulike omgrep om desse barna. Barn med innagerande åtferd, introverte barn, sjenerte barn, sensitive barn og tause barn. Gutar med innagerande åtferd har større vanskar enn jenter. Det har med forventningane vaksne har til dei ulike kjønna å gjere (Torvik, 2009). Det er lite forsking på innagerande åtferd i barnehagen, men forsking gjort i skulen viser at det er om lag like stor førekomst av innagerande som utagerande åtferd (Barsøe, 2012). Ved stigande alder ser det ut som talet utagerande barn minkar, medan talet barn med innagerande åtferd er aukande (Lund, 2004). Årsaka til det kan
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

For den blinde artisten Thomas Tvedt var det å tegne et av høydepunktene i barnehagen. Han glemmer heller ikke da han fikk lov å kjøre trøkk.
Første steg 24.05.2024
Studentene forvandlet brukte og slitte stoler til eventyrlige bursdagsstoler.
Første steg 24.05.2024
Inviter en gruppe med barn til en koffert stappfull av sykehus-rekvisitter og bøker om kroppen! Åpne, se, les og lek! Språkutveksling garanteres.
Første steg 24.05.2024
Barnehagelærer Inge Levy sammen med barna i den første jødiske barnehagen i Berlin etter andre verdenskrig. Året er 1948.
Første steg 24.05.2024
Nordtvet gård barnehage i Oslo er bygget som et eneste stort lekeapparat. De ulike rommene inviterer til lek og utfoldelse, og alle avdelingene er vendt mot husets hjerte: et innvendig, levende tuntre.
Første steg 24.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt