Fagbladet
08.01.2018
USIKKERHEIT: Trua på dårlegare privatøkonomi aukar jo lågare inntekt ein har. Illustrasjonsfoto Colourbox Dei med låg inntekt og låg utdanning er meir redde for å miste jobben. Dei ser óg mørkare på privatøkonomien i det nye året.
Heile 390.000 yrkesaktive personar meiner dei ikkje har ein trygg jobbsituasjon. Det viser ei meiningsmåling teke opp av Respons Analyse for Sparebank 1.
Les merLågt utdanna
Usikkerheita er størst blant dei som ikkje har høgare utdanning. Her meiner to av ti at dei ikkje har ein trygg jobb, medan omtrent 70 prosent ikkje er redd for å miste jobben. Det er ein nedgang på nesten 10 prosentpoeng frå 2017.
Tryggleiken er størst hos dei som har fire år eller meir ved universitet eller høgskule. Av dei høgt utdanna er omtrent åtte av ti ikkje redd for å miste jobben, medan omtrent 10 prosent er det.
- Eg antek at usikkerheita er knytt til både frykta for bedri


































































































