Det er sjølvsagt noko i det. Som den Paris-baserte journalisten Vibeke Knoop Rachline skriv i ein artikkel i Agenda Magasin, byrja opprøret med at nokon («man vet ennå ikke hvem») starta ein protest mot høge bensinavgifter.
Det er liten tvil om at auka bensinprisar er ein del av bakgrunnen for protestane, og at dei gule vestane slik kan minna litt om norske protestar mot bompengar. Men skal ein forstå rørsla betre, må ein også gå djupare.
Problemet er at det heile vert så mykje meir uklårt då. Dei har ingen presis politisk profil, skriv Rachline, medan Feargus OSullivan i CityLab samanfattar med å peika på sprikande fortolkingar i media.
Velgrunna sinne?
For nokre handlar det om raseri mot den franske presidenten Emmanuel Macron si manglande forståing for vanskane arbeidarklassen står over. For andre er det eit bevis på at middelklassen slår attende. Eg har sett også sett dei som ser på dei gule vestane som ein slags trojansk hest for høgrepopulismen.
På eit vis finst det eit grunnlag for å meina det også. Eit døme er ei undersøking som syner at mange av dei som ser på seg sjølve som ein del av rørsla, røysta på Front Nationals Marine Le Pen i fyrste valomgang i presidentvalet.
Den nest-største gruppa røysta på den venstrepopulistis