Bondebladet
10.11.2016
Teknologiselskapet Nofence føler Mattilsynet motarbeider bruken av deres usynlige gjerde. Det vil Jon Georg Dale få slutt på. «Å bruke straum for å gjerde inne dyr, er i utgangspunktet ikkje problematisk»
Landbruksminister Jon Georg Dale møtte gründerane bak den nye gjerdeteknologien i forrige veke.
- Det gjekk betre enn vi kunne håpe på, seier ein fornøgd Oscar Hovde Berntsen, oppfinnaren av Nofence.
- Frå dialog til motarbeidingNofence er eit usynleg «gjerde» som skal halde geiter innanfor eit beiteområde ved hjelp av lyd og straum.
- Han forstod kjapt kva vi vil og kva vi driv med, og hadde allereie avtala eit møte med Mattilsynet dagen etter. Det var flott, seier Hovde Berntsen.
Dei tok opp Mattilsynet si behandling av Nofence med landbruksministeren.
- Tidlegare følte vi at vi hadde dialog. Det har stoppa opp.