Sykepleien
27.09.2023
Eg utfordrar både vinnarar og taparar etter valet nyleg. Snart er det stortingsval: Styrk studentøkonomien. Det er å styrke samfunnsøkonomien.
Norske studentar har for dårleg økonomi. Heiltidsstudentane blir færre og færre. For mange er det eit økonomisk tapsprosjekt å studere. Inkassokrava retta mot nyutdanna blir stadig fleire. Dette kan ikkje halde fram. Unio krev eit løft for studentane.
Les merNorsk studentorganisasjon (NSO) har rekna ut at studentar i stort går over 6400 kroner i minus kvar månad. Dei bygger på fleire kjelder, blant anna levekårsundersøkinga for studentar og SSB i tillegg til tal frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Slike tal kan alltid diskuterast. Men hovudlinene er klinkande klare: Stadig fleire studentar må arbeide stadig meir i tillegg til å studere.
Det er dyrtid. Langt fleire enn