BUSKAP
26.06.2020
Ei doktorgradsavhandling syner at med bruk av celletalsmålar i mjølkeroboten kan førebyggande tiltak settast inn tidlegare slik at ein unngår ei framtidig auke i forekomsten av subkliniske jurinfeksjonar.
Mastitt er ein av dei viktigaste sjukdommane i mjølkeproduksjonen over heile verda. Den gir dårlegare dyrevelferd, redusert produksjon og økonomiske tap.
Mest tap frå subklinisk mastitt
Storparten av det økonomiske tapet ved mastitt kjem som følgje av redusert mjølkeproduksjon frå kyr med subklinisk mastitt. Sidan subkliniske infeksjonar i juret er den vanlegaste grunnen til subklinisk mastitt, er det viktig for mjølkekvalitet, dyrevelferd og bondens økonomi at subkliniske jurinfeksjonar vert oppdaga og handtert så raskt og så godt det lar seg gjera.
For lang tid mellom analysar
Det er ei utfordring at laboratorieundersøking av mjølkeprøver for å oppdaga subkliniske jurinfeksjonar er både tidkrevjande og kostbart. Difor vert subkliniske jurinfeksjonar i dag vanlegvis oppdaga ved analyse av celletal frå prøver tekne i samband med mjølkeveging. Utfordringa med denne tilnærminga, er at det er moderat samanheng mellom celletal og subkliniske jurinfeksjonar, og at tida mellom analyse av celletal frå prøver tekne i samband med mjølkeveging er for lang til å forutsjå framtidige episodar av subkliniske jurinfeksjonar.
Bruk av data frå celletalsmålaren i AMS
Dei siste åra har det vorte utvikla fleire sensorar til bruk på garden for å oppdaga subklinisk mastitt. Slike sensorsystem leverer d
Gå til medietMest tap frå subklinisk mastitt