Arkitektur N
11.10.2018
Uttrykket «kortreist» får ei ny tyding når sherpaer utstyrt med spett og handmakt bygger trappesti opp Bergen sitt nasjonalfjell.
Som fersk bergensar samanliknar eg framleis Bergen med min tidlegare heimstad Oslo. Eg tenker at Oslo er kulare, men Bergen er penare, og overlegen når det kjem til friluftsliv. Kvar dag tek byfjella i mot hordar av spreke bergensarar som trassar bratte bakkar og all slags ver for å koma til topps og nyta helsevinstane og utsikta. Ulriken, det høgaste av dei sju fjella, med sine 643 meter over havet, er det gjævaste. Fjellet har til og med sin eigen song: «Nystemten».
Men populariteten har hatt sin pris. Hovudstien opp til Ulriken este stadig utover. Lange periodar med glatt underlag og dårleg feste, pressa vandrarane stadig lenger vekk frå den opphavlege stien. Samstundes vart stien djupare når vatnet tok same vegen som folka. Stien vart som eit liggesår; steinane gnog seg opp til overflata og Ulriken vart mindre lyngrabbar og meir steinur. Stien forringa naturopplevinga og var blitt eit sår i landskapet, ein motorvegsti.
Opna av Erna I samband med sitt eige 150-års-jubileum, tok difor stiftinga Bergens Skog- og Trcplantingsselskap (BST) initiativ til prosjektet med å rusta opp stien og sikra landskapet mot vidare erosjon frå folk og vatn. Som landskapsarkitekt og medlem av styret i BST, vart Anne Irgens (Norconsult) prosjektleiar for trappestien. Stibyggjaren AS ved Geirr Vetti vart kontakta og prosjektet starta opp, utan at finansieringa var på plass. Litt etter litt har pengane blitt samla inn, og kvart sommarhalvår sidan 2016 har Ulriken fått stadig fleire trappetrinn. I år står «Oppstemten» endeleg ferdig. 18. september vart 750 lengdemeter og 290 høgdemeter trappesti offisielt opna og testa av statsministeren.
Arbeidet med å bygga stien vart gjort av sherpaer frå Nepal gjennom Stibyggjaren AS. Bedrifta står bak alle tilsvarande trappestiprosjekt som er bygd i landet vårt. I løpet av dei siste 10-15 åra har dei bygd stiforløpet Keiserstien i Bodø, laga nye trinn i Besseggenstien i J otunheimen og etablert ny sti til Preikestolen og Gaustatoppen. Med stibyggingsteknikk frå Nepal har friluftsnasjonen
Gå til medietMen populariteten har hatt sin pris. Hovudstien opp til Ulriken este stadig utover. Lange periodar med glatt underlag og dårleg feste, pressa vandrarane stadig lenger vekk frå den opphavlege stien. Samstundes vart stien djupare når vatnet tok same vegen som folka. Stien vart som eit liggesår; steinane gnog seg opp til overflata og Ulriken vart mindre lyngrabbar og meir steinur. Stien forringa naturopplevinga og var blitt eit sår i landskapet, ein motorvegsti.