Hensikt: Undersøke om Survey of Health, Ageing and Retirement in Europe - Frailty Instrument (Share-FI), eit screeningverktøy for skrøpelegheit, er eigna til å avdekke skrøpelegheit hjå eldre dersom ein vil ta omsyn til kognisjon.
Metode: Ein tverrsnittstudie frå eit samtykkebasert kvalitetsregister i ein eldremedisinsk poliklinikk blei utført, med 184 personar over 70 år som var til utgreiing på poliklinikken for kognitiv svikt eller fallutgreiing. Vi kartla fysisk og kognitiv funksjon med validerte målemetodar. Assosiasjonar mellom sumskåren på Share-FI og ulike testar for kognisjon (Mini-mental statusevaluering [MMSE], Trailmaking A og B og klokketest) vart undersøkt med Spearmans korrelasjonskoeffisient (rank test). Sekundært undersøkte vi også assosiasjonar mellom enkeltkomponentar i Share-FI og ulike testar for kognisjon.
Resultat: Storparten av pasientane i studien var tilvist for utgreiing av demens. Hundre personar (54 prosent) var rekna som ikkje-skrøpelege, medan 84 personar (46 prosent) var rekna som anten skrøpelege eller preskrøpelege. Gjennomsnittsalderen var relativt lik i dei tre gruppene. Det var trivielle korrelasjonar mellom sumskåren på Share-FI og dei kognitive testane (p-verdiar frå 0,322-0,824). Av einskildkomponentane i Share-FI var låg fysisk aktivitet assosiert med dårlegare skår på MMSE og klokketest, medan unormal appetitt var assosiert med dårlegare skår på Trailmaking B, men korrelasjonane var små til moderate (p-verdiar 0,05).
Konklusjon: Sumskåren på Share-FI som eit mål på skrøpelegheit var ikkje assosiert med kognitive testar og ser difor ikkje ut til å vere spesielt godt eigna til å avdekke skrøpelegheit dersom ein vil ta omsyn til kognisjon.
Referer til artikkelen
Endal G, Søvde B, Terum T, Andersen J. Bruk av Share-FI til å avdekke skrøpelegheit ved kognitiv svikt. Sykepleien Forskning. 2023; 18(92075):e-92075. DOI: 10.4220/Sykepleienf.2023.92075
Introduksjon
I Noreg så vel som internasjonalt blir det stadig fleire eldre. Politiske føringar peikar på at eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim, og eldre som lever med skrøpelegheit, er ei av fire prioriterte grupper i Nasjonal helse- og sjukehusplan (1).
Skrøpelegheit viser til aldersrelaterte endringar som gjer eldre meir sårbare for sjukdom og skade, og er assosiert med langtidsopphald på institusjon, sjukehusinnlegging og kortare levetid (2-5). Førekomsten av skrøpelegheit aukar gradvis med alderen, og rammar omtrent 10 prosent av personar som er 65 år og eldre (4, 6) og 65 prosent av personar over 90 år (7).
På lik linje med skrøpelegheit aukar førekomsten av demens med alderen (8). Wyller og Hem (9) har framheva viktigheita av å identifisere skrøpelegheit, fordi det indikerer behov for tilrettelagt og tilpassa behandling.
Det finst ingen einsarta definisjon på skrøpelegheit eller semje om korleis ein identifiserer skrøpelegheit hjå eldre. Fried og medarbeidarar (2) klassifiserer pasientar som skrøpelege dersom dei oppfyller tre av følgande fem kriterium: utilsikta vekttap, sjølvrapportert utmatting, mangel på energi, låg ganghastigheit og svak gripestyrke.
Fried sin fenotypemodell (2) femnar berre om fysiske mål på skrøpelegheit, trass i at fleire peikar på at skrøpelegheit og demens kan ha ein gjensidig negativ påverknad på kvarandre (5, 10-12). Den kumulative modellen til Rockwood og medarbeidarar (3) er derimot meir omfattande og definerer skrøpelegheit som summen av negative faktorar, inklusive kognitiv funksjon.
Survey of Health, Ageing and Retirement in Europe - Frailty Instrument (Share-FI) er eit anerkjent kartleggingsverktøy både i forsking og klinisk praksis. Share-FI baserer seg på Fried sin fenotypemodell (2, 13) og seier difor ingenting om kognitiv funksjon. Share-FI har vist seg å vere ein god prediktor for dødelegheit (13).
Ifølgje Danilovich og medarbeidarar (14) er Share-FI godt eigna til å identifisere personar som er skrøpelege, då dei skårar signifikant dårlegare på objektive fysiske målingar samanlikna med dei som blir rekna som ikkje-skrøpelege. Det er meir usikkerheit knytt til gruppa preskrøpelege. Ei svakheit ved studien er at dei ikkje inkluderte mål på kognitiv funksjon. Same forfattar fann i ein seinare studie at objektive data kan vere meir sensitive enn sjølvrapporterte data som i Share-FI for å avdekke skrøpelegheit (15).
Dette samsvarer med funn i O'Caoimh og medarbeidarar (16) sin studie, som samanlikna screening


































































































