Bondebladet
01.06.2017
I førre veke braut det ut lyngbrann på Ottersøya i Nord-Trøndelag og ved Rylandsvatnet i Bremanger. Paradoksalt nok er det mangel på brenning, eller lyngsviing, som legg grunnlaget for desse ukontrollerte utmarksbrannane.
Langs norskekysten har vi eit lyngheiareal på om lag 750 km2. Sjølv om det er lett å få inntrykk av at dette ope kystlandskapet er eit resultat av det barske kystklimaet, er det i sanninga beite og kontrollert sviing som held kratt og skog unna. Det er særleg bøndene som driv med gammalnorsk sau som ivrar mest for å halda lyngheiane i god hevd. På den måten sikrar dei gode beitetilhøve for utegangarsauen gjennom vinterhalvåret.
Gå til medietUnder ei planlagd og kontrollert lyngsviing er føremålet å fjerne biomassen over bakken utan å skade biomassen under bakken. Ein brenn når jorda er frosen eller vassmetta slik at røter og frøbanken i jorda ligg trygt beskytta fr

































































































