AddToAny

Bråket ved Nordnorsk kunstmuseum: - Museet har mista all tillit

Bråket ved Nordnorsk kunstmuseum: - Museet har mista all tillit
- Heile styret må trekke seg, seier tillitsvald i Forskerforbundet ved Nordnorsk kunstmuseum
- Vi har allereie fått dårleg omdømme og har mista tillit innanfor kulturfeltet og i samiske miljø. All støyen gjer det svært krevjande å jobbe ved museet, seier Tiina Tuulia Portti, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved Nordnorsk kunstmuseum (NNKM) i Tromsø.

Eitt år har gått sidan museumsdirektør J.M. McGowan vart avsett av museumsstyret, men framleis står museet utan direktør. I løpet av året har også ti styremedlemer, inkludert varamedlemer, trekt seg i protest.

McGowan gjekk til sak mot museet, men tapte rettssaka. Retten slo fast at arbeidsavtalen til direktøren gav museet rett til å avslutte arbeidsforholdet når museet måtte ønske det, utan å grunngje kvifor direktøren måtte gå.

Nordnorsk kunstmuseum har blant anna satsa på samisk samtidskunst. Styreleiar Grete Ellingsen har hevda at direktøren måtte gå på grunn av manglande rapportering, og at mistilliten ikkje skuldast den kunstnariske profilen. Men i retten sa den oppsagte direktøren McGowan at Ellingsen blant anna skal ha reagert sterkt på at ein representant frå Sametinget skulle halde opningstale under opninga av ei utstilling. Ifølgje Klassekampen skal også styreleiaren ha gjeve uttrykk for skepsis til McGowans satsing på samisk kunst.

- Mistar tillit i kunstmiljøa

- Vi trur ikkje styreleiaren kan få oss ut av denne situasjonen, seier Tiina Tuulia Portti. Foto: NNKM

Nyleg gjekk Samisk kunstnerforbund/Sámi Dáiddá ehpiid Searvi (SDS) ut med eit ønske om å flytte utdelinga av John Savio-prisen frå Nordnorsk kunstmuseum til «en institusjon som nyter tillit hos både kunstnerfellesskapet og befolkningen i Sápmi».

- Samisk kunstnerforbund vil ikkje lenger samarbeide med museet, og både presidenten i Sametinget og kunstnarar har uttalt seg kritisk. Det er ein uhaldbar situasjon for museet at vi mister tillit i miljøa vi skal samarbeide med, seier Portti.

Etter at tre representantar trekte seg frå styret like før påske, er det no ingen representantar i styret frå kunstnarorganisasjonar eller samiske styremedlemer. I etterkant av rettssaka valde også administrasjonsleiaren å gå frå stillinga etter å ha sett korleis styret presenterte si forteljing om museet under rettssaka.

«En skam for museet»

I eit ope brev til kultur- og likesteilllingsminister Abid Q. Raja skriv Portti at dei tilsette ved museet ikkje har tillit til at styreleiar klarer å få museet ut av det uføret ho sjølv har styrt dei inn i. Eit fleirtal i det lokale Forskerforbundet, alle medlemmene i NTL og i Forbundet for leiing og teknikk stiller seg bak. I brevet heiter det at bakgrunnen for dårlege forholdet mellom Nordnorsk kunstmuseum og dei samiske miljøa er at «museets stemme i offentligheten i stor grad har vært advokat Oddmund Enoksen. Han ble hyret av styret og/eller styreleder uten innspill fra organisasjonen, har tette bånd til styreleder og er en hyppig deltager i diskusjoner rundt samiske spørsmål. At han brukte rettsaken til å angripe samisk urfolksstatus er ufattelig for oss, og en skam for museet», skriv Portti.

Ifølgje advokat Enoksen har dette bakgrunn i ei utsegn frå tidlegare styremedlem Joar Nango, som i retten sa at styreleiar Ellingsen ikkje visste kva eit urfolk er. Nango hadde foreslått for styreleiaren at det samiske kunstmiljøet burde få ein fast plass i styret. Ellingsen hadde då svart at om samar skulle ha ein fast plass, måtte også andre minoritetar ha det. - Jeg husker ikke om hun refererte til pakistanere eller en annen gruppe, sa Nango ifølge Klassekampen.

McGowan skal også ha reagert på sluttprosedyren til Enoksen der han sa at «både samene og kvenene i Norge er nasjonale minoriteter», og at «det er en kjent sak i Norge at den ulike behandlingen som norske myndigheter har gitt kvener og samer, har skapt en del utfordringer».

- Påstandane om å vere samefiendtleg vart kommentert i sluttprosedyren. Eg gjorde greie for at ei folkegruppe på ei og same tid kan vere urfolk og nasjonal minoritet. Dette er heilt uproblematisk, seier Enoksen til Forskerforum.

- Vil stemple styret som samefientleg

- I ettertid av dommen, som gjekk i favør av museet, er det etablert ei forteljing om at eg har brukt store delar av prosedyren til å angripe samane. Denne forteljinga har ikkje rot i røyndomen, men er spreidd i dei kretsane som heile tida har vore ueinige i styret si avgjerd. Dette handlar om å stemple styret som samefientleg, seier han.

I brevet frå fagforeiningane heiter det:

«Enoksen har offentlig angrepet museets program, samarbeidspartnere og egne ansatte. Vi har protestert på både hans ansettelse og hans tilsynelatende ubegrensede spillerom, men ikke blitt lyttet til.»

- Eg har skrive avisinnlegg litt tilbake i tid om kva som låg til grunn for styret sitt vedtak. Dette har tydeleg ikkje falle i god jord, heller ikkje blant ein del tilsette ved museet, seier han.

- Som advokat for styret representerer du museet?

- Ja, men skal det at eg har uttrykt private meiningar i avisinnlegg tidlegare, føre til yrkesforbod for meg som advokat? Det er ei heilt absurd innstilling, seier han.

- Går ut over arbeidet vårt

Portti i Forskerforbundet ved NNKM seier museet treng ein ny start.

Tilsette ved Nordnorsk kunstmuseum er uroa for framtida på grunn av mistilliten mot museet. Foto: NNKM

- På grunn av uroa er det veldig tungt no. Dette går ut over arbeidet vårt, og difor måtte vi seie frå og skrive dette opne brevet, seier ho.

- Vi tru ikkje at styreleiaren kan få oss ut av situasjonen vi har hamna i. Komande utstillingar og mogleg samarbeid kan bli spolert, fordi det er så mykje mistillit mot museet.

Portti seier dei tilsette er uroa for tilsettinga av direktør.

- Vi er bekymra for at vi ikkje skal få kompetente søkjarar til direktørjobben som kjenner landsdelen og museet godt. Vi har allereie fått dårleg omdømme både på kulturfeltet og i samiske miljø.

Raja lovar avdeling i Bodø

I den nye museumsmeldinga som vart lagt fram før påske står det at Nordnorsk kunstmuseum skal få ei avdeling i Bodø, og at det skal leggast til rette for nytt utstillingslokale i Longyearbyen.

- Dette er positivt. Men vi er i ein vanskeleg situasjon, så det er litt feil tidspunkt å sette i gang mykje nytt. Vi må først få tilliten tilbake og få ro og orden på museet, meiner ho.

Torsdag 8. april er det dialogmøte mellom de ulike aktørane i kunstfeltet, Sametinget, Nordland fylkeskommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Tromsø kommune og representantar frå Kulturdepartementet.

- Eg veit ikkje kva som kan komme ut av dette møtet. Dei tilsette er ikkje inviterte, seier Portti.

Image-text:

Frå utstillinga «There Is No» ved Nordnorsk kunstmuseum i 2017. Kunstverka var i hovudsak frå Samiske Samlinger ved RidduDuottarMuseat, i tillegg til verk frå kunstmuseet. Foto: NNKM

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Folk på steder som Kongsvinger, Tana, Egersund, Kristiansund - og Nesna - skal ikke behøve å flytte for å ta en praktisk utdanning, sa Ap-leder Jonas Gahr Støre i sin tale til landsmøtet.
Forskerforum 15.04.2021
Regjeringen letter på tiltakene i morgen. Tirsdag varslet regjeringen lettelser i koronatiltakene ved universiteter og høyskoler.
Forskerforum 15.04.2021
De siste fem årene har overlege Pål André Holme mottatt over en million kroner fra Pfizer og Bayer. Han oppga ingen interessekonflikter da han medpubliserte en artikkel om Astrazenica-vaksinen.
Forskerforum 15.04.2021
Ap foreslår ei ny reform for desentralisert utdanning og nye utdanningssenter i distrikta.
Forskerforum 14.04.2021
Utenlandske forskere som er "strengt nødvendig for å unngå driftsstans i prosjekter" kan nå få komme til Norge.
Forskerforum 14.04.2021

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt