AddToAny

BRÅ BETONG

BRÅ BETONG
Brutalismen er elska og hata. Kvifor framprovoserer dei nye kulturminna så sterke kjensler?
Sjølv om sola skin på Bergen rådhus, reflekterer det regn. Uansett kor stileg elvegrusen er, blir den avvisande og grå. Kanskje det er derfor arkitekt Erling Viksjø si bergenske høgblokk nyleg blei kåra til byens styggaste bygg. For der funksjonalismen fekk sin renessanse i ferdighus for nyrike, slit brutalismen med det store comebacket. Betong med spor etter forskaling har vist seg vera direkte provoserande. Assosiasjonar til finsk fjernsynsteater, sovjetiske sanatorium eller berre moderat vinterdepresjon er kanskje ennå litt for sterke for folk flest.

ARKITEKTONISK VELFERDSOPTIMISME
Brutalistiske bygg har nå nådd ein alder kor samfunnet må gjera opp status. For like sterkt som hatet er kjærleiken til eit estetisk uttrykk som ville famna alle borgarar. Den smale tilhengjarskaren elskar ærleg materialbruk, prefabrikkerte betongelement og synlege sjakter. Sjølv om resultatet ikkje alltid var veldig jovialt, skulle brutalismen vera som eitkvart kommuneslagord, altså open, ærleg og engasjert. Brutalismen var demokrati, gjenreising
BRUTALISME
Brutalismen (1955-1970) er ei grein av modernistisk arkitektur som trassar den meir dekorative typen med røter frå tidleg modernisme og art deco.

Stilarten er eit forsøk på å konkretisera modernismen sitt moralske imperativ og opprinnelege bodskap.

Under den tidlege modernismen heldt Le Corbusier på med det rå, grove og naturlege. Derfor har brutalistiske bygg enkle, geometriske bygningskroppar og kompromisslaus, ærleg materialbruk med synlege konstruksjonar som formgivande element.

Tidlegaste eksempel på brutalistisk arkitektur var Hunstanton-skulen i Norfolk (1949-1954), teikna av det engelske arkitektparet Alison og Peter Smithson.
Kjelder: Lars Erik Brustad Melhus, Talette Rørvik Simonsen, John Grindrod og Store norske leksikon.

og velferdsoptimisme. For å effektivt kunna byggja opp Europa etter krigen ville brutalistiske arkitektar tilbake til den originale modernismen, før den blei korrumpert av det pastellfarga, pussa og polerte.

DEN TØFFE BRUTALISMEN
- Brutalismen var for arkitekturen det rocken var for ungdomskulturen i etterkrigstida.
Det seier Lars Erik Brustad Melhus, ein av svært få unge arkitektar som har skrive diplomoppgåve om brutalismen si rolle i norsk arkitekturdebatt.
- Brutalismen er imot noko. Den skulle opponera mot det falske og forfina, dei småborgarlege småruta vindauga og saltaka. Brutalismen var eit opprør mot den strigla, kvite modernismen som ikkje fanga opp livets skuggesider.
- Likar du brutalismen?
- Ja, eg synest den er råtøff.
- Kvifor det?
- Eg er nok veldig tiltrekt av det opprinnelege tankegodset om det rå, ærlege og opprørske. ANTI-DESIGNA ARKITEKTUR
Melhus tar oss med tilbake til nettopp det opprinnelege. Me skal til etterkrigs-England, til Norfolk og Hunstanton-skulen frå 1954, det første reine brutalistiske verket. Det unge arkitektparet Alison (21) og Peter (26) Smithson ville skapa eit heilt nytt uttrykk for ei ny tid, då dei vann arkitektkonkurransen i 1950.
Gå til mediet

Flere saker fra Arkitektnytt

Torsdag 9. mars vil takbaren på Folketeaterbygningen på Youngstorget i Oslo fylles for å markere en milepæl for norske arkitekturblader. Da feires sammenslåingen av Arkitektur-N og Arkitektnytt til papirmagasinet og nettstedet Arkitektur.
Arkitektnytt 02.03.2023
The Plus, Hasle Tre og Sophie Radich skole nominert til Årets Trebyggeri 2022.
Arkitektnytt 02.03.2023
Ja, jeg er «modernist» - hvis det er den rette betegnelsen for en som lar seg begeistre av god moderne design og arkitektur, skriver arkitekt Kim Skaara.
Arkitektnytt 01.03.2023
Innen 31. mars kan man nominere prosjekter til OAFs arkitekturpris 2023.
Arkitektnytt 01.03.2023
Skal Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) favne flere, må styret arbeide med å utvikle en organisasjonskultur som appellerer mer til unge medlemmer.
Arkitektnytt 28.02.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt