Khrono
16.08.2019
Prosentdelen nynorsk eller bokmål i mållova har ingen samanheng med talet på nynorskbrukarar i samfunnet elles. Det er heller ikkje meininga, skriv tidlegare leiar i Studentmållaget i Oslo.
Arve Waage i Bokmålsforbundet kommenterer mållova i Khrono 9. august. Han meiner at lova er udemokratisk.
Les merUt frå argumenta Waage presenterer i innlegget sitt, verkar det som at han har misforstått ein sentral dimensjon ved språkstoda i det norske samfunnet og ved mållova i sin heilskap.
Mållova må reflektere det som må til for å gjera det lettare å vera nynorskbrukar enn det er i dag. Karl Peder Mork Tidlegare leier i Studentmållaget i Oslo
Waage meiner at mållova er udemokratisk fordi ho fastset eit minstekrav til nynorskdel ved statlege institusjonar (dei velkjente 25 prosent) som er høgare e