AddToAny

Bibelsk svindel gav smertefull sjølvransaking

Bibelsk svindel gav smertefull sjølvransaking
Små pergament- og papyrusbitar presenterte som dødehavsrullar lurte heile forskingsverda. Tekstforskarar hadde bydd opp falsknarane til dans, men no ryddar dei opp.
- At vi blei lurt slik vi blei, ser frykteleg idiotisk ut no i 2020, men tilnærminga vår verka heilt fornuftig den gongen. Det var ei anna tid. Vi var fanga i ein fagtradisjon som forklarer veldig mykje av handlingane våre, seier Årstein Justnes.

Han er professor i bibelvitskap ved Universitetet i Agder (UiA) og fortel om oppdaginga som skulle snu opp ned på dødehavsrullforskinga han var involvert i for nokre år sidan.

Dødehavsrullane inkluderer dei eldste kopiane av bøkene i Den hebraiske bibelen, også kalla Det gamle testamentet. Originaltekstane til desse bøkene finst ikkje lenger, så då Dødehavsrullane blei oppdaga på 1940- og 1950-talet, førte det til ein revolusjon i forskinga. Kanskje kunne dei gi nye svar om den tidlege bibelen?

Nokre av bokrullane var godt bevarte, men mange var i småbitar. Arbeidet med sortering, transkripsjon, omsetjing og fotografering av manuskripta tok over 50 år og fylte 40 bind. Først i 2001 blei det annonsert at alle Dødehavsrullane var vitskapleg publiserte.

Frå 2002 dukka det likevel opp fleire nye, påståtte fragment av dødehavsrullar på antikvitetsmarknaden. Både museum, samlarar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og forskarar omfamna dei. Mange av fragmenta blei selde for svimlande summar. Ein av dei første kjøparane var den norske samlaren Martin Schøyen, som har ei av dei største private manuskriptsamlingane i verda.

Avdekka forfalskingar

I 2012 skulle eit norskleia prosjekt søke midlar til å forske på delar av Qumran-materialet (sjå faktaboks) som blei funne mot slutten av 1940-talet. Då forskarane fekk høyre om dei nye fragmenta som var komne til Noreg, bestemte dei seg for å inkludere desse i søknaden.

- Å forske på desse fragmenta var ikkje kontroversielt i det heile den gongen i bibelvitskaplege kretsar, seier Justnes, som var med i forskargruppa.

Prosjektet fekk pengar og gjekk framover. Utanlandske forskarar blei tilknytta for å vere med på undersøkinga av dei nye fragmenta. Etter eit par år byrja det å demre for forskarane at noko var gale. I 2014-16 var Justnes med på å avdekke at ni av fragmenta i Schøyen-samlinga var falske. Forskarane mistenkte også at mange fleire av «post 2002-fragmenta» var falske. Det internasjonale forskingsmiljøet, Justnes sjølv inkludert, hadde ukritisk teke dei inn i varmen.

Sjølv måtte han stoppe seks forskingsartiklar han hadde på veg om fragmenta. Avsløringa av forfalskingane blei for alvor kjend i 2017 gjennom fleire andre publikasjonar frå prosjektet. Då

Les mer

Flere saker fra Magasinet Forskningsetikk

Professor David Southall avslørte at 33 barn ble utsatt for livstruende vold av sine foreldre. Den kontroversielle bruken av skjult kamera gjorde ham til den mest omstridte barnelegen i Storbritannia.
Noen mener ny teknologi kan bli vår redning. Andre ser for seg menneskehetens undergang. Vi bør se oss tilbake mens vi går framover.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt