Det seier Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).
Som Khrono har skrive før, ønskjer USN å opna sin niande campus - på Gol. Initiativet kjem frå regionrådet i Hallingdal, og i fjor underteikna partane ein intensjonsavtale. I vår var forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på besøk, og han bad om ei konkretisering av kva universitetet ser føre seg. No har USN sendt ei liste til departementet.
Universitetet ber om seksti studieplassar frå 2024. Tjue av desse skal gå til femårig grunnskulelærarutdanning, tjue til eit årsstudium i IT og informasjonssystem, og like mange til eit årsstudium i innovasjon og entreprenørskap. Begge dei to siste skal kunne byggast ut til bachelorgrader.
Må reisa ut for å studera
Frå før har USN ei desentralisert sjukeplei


































































































