Arkitektur N
24.09.2021
I Gruvedalen på Svalbard har landskapsarkitektane prosjektert i et arktisk miljø der klimaendringane ikkje er ei framtidig trussel - men ei realitet her og nå.
I fyrste augekast står landskapet på Svalbard fram som karrig, men ser ein nøye etter kjem ein rikdom til syne. Dei menneskeskapte rissa er vage mot det mektige naturlandskapet. Like fullt er det noko svært sterkt og tiltalande over busetnadene på øygruppa, der menneska søker etter livskvalitet og overlevingsevne i dette til tider svært krevjande lendet.
Ein gong var øygruppa ein del av eit større kontinent under ekvator og dekt av enorme bregneskogar. Etter millionar av år har kontinentaldrifta ført landområdet mot nord, og til den «svale kanten», Svalbard. Den store produksjonen av biomasse går no føre seg under havflata. Her møter Golfstrømmen, som gjer det leveleg på desse breddegrader, kalde havstraumar og dette møtet gjev grunnlag for mykje av produksjonen i verdas hav. Inn mot iskanten og under havisen er det ein stor rikdom av liv, der mykje enda er ukjent for mennesket. Dette livet i havet gjev grunnlag for ein stor fuglebestand. Med unntak av standfuglen Svalbardrypa, er fuglane på Svalbard trekkfuglar og mange av dei hentar maten sin frå fjordane og storhavet og fører organisk materiale og næringssalt med seg til leveog hekkeområder på land. Der blir det gjødsel for vegetasjonsdekke under klipper og fjellvegger, på strandflatar og i dalbotnar. Denne frakta av næringsstoff frå hav til land gjer at vegetasjonen på Svalbard til dels er svært rik etter arktiske tilhøve. Berre 6-7 % av landarealet har vegetasjonsdekke og meir enn 60% av landskapet er dekt av brear. Det er trongt om plassen for plantene og konkurransen er stor. Like fullt er det registrert om lag 170 arter av karplanter og
OMTALE
380 mose- og lavartar. Det nærmaste ein kjem tre og busker er den krypande tundrabjørka.
Klimaendringar. Svalbard ligg på mellom 74-81 grader nord. Her merker ein klimaendringane i svært stor grad og oppvarminga går omtrent dobbelt som raskt som på resten av jorda. Isbr
Gå til medietEin gong var øygruppa ein del av eit større kontinent under ekvator og dekt av enorme bregneskogar. Etter millionar av år har kontinentaldrifta ført landområdet mot nord, og til den «svale kanten», Svalbard. Den store produksjonen av biomasse går no føre seg under havflata. Her møter Golfstrømmen, som gjer det leveleg på desse breddegrader, kalde havstraumar og dette møtet gjev grunnlag for mykje av produksjonen i verdas hav. Inn mot iskanten og under havisen er det ein stor rikdom av liv, der mykje enda er ukjent for mennesket. Dette livet i havet gjev grunnlag for ein stor fuglebestand. Med unntak av standfuglen Svalbardrypa, er fuglane på Svalbard trekkfuglar og mange av dei hentar maten sin frå fjordane og storhavet og fører organisk materiale og næringssalt med seg til leveog hekkeområder på land. Der blir det gjødsel for vegetasjonsdekke under klipper og fjellvegger, på strandflatar og i dalbotnar. Denne frakta av næringsstoff frå hav til land gjer at vegetasjonen på Svalbard til dels er svært rik etter arktiske tilhøve. Berre 6-7 % av landarealet har vegetasjonsdekke og meir enn 60% av landskapet er dekt av brear. Det er trongt om plassen for plantene og konkurransen er stor. Like fullt er det registrert om lag 170 arter av karplanter og
OMTALE
380 mose- og lavartar. Det nærmaste ein kjem tre og busker er den krypande tundrabjørka.
Klimaendringar. Svalbard ligg på mellom 74-81 grader nord. Her merker ein klimaendringane i svært stor grad og oppvarminga går omtrent dobbelt som raskt som på resten av jorda. Isbr


































































































