Norsk Landbruk
11.03.2021
Kondenserte tannin (CT) i dietten kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar.
Parasittar i mage og tarm hos småfe er eit kjent problem, både økonomisk for bonden så vel som for dyra, der parasittar kan føre til redusert helse og velferd. Vidare er det eit aukande problem at parasittane utviklar resistens mot preparat som blir brukte til å behandle dyra.
- Det er vist at moderate mengder kondenserte tannin (CT) i dietten, kan redusere problema med innvolsorm og eincella parasittar i mage og tarm hos drøvtyggjarar. Fôrplanter som inneheld tannin, er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha h