AddToAny

Babelsk orden

Babelsk orden
Artikkelsamlinga «Biblioteket i litteraturen» har mange gode bidrag, og nokre med spesiell verdi.
Det finst fortidige stemmer som talar til oss, gjennom oss, stemmer som formidlar innsikter og mistak, stemmer med ein framand klang som like fullt har noko umiskjenneleg menneskeleg ved seg. Stemmer vi kjenner fordi dei er nedskrivne, som bøker, bøker som har blitt samla inn til private eller offentlege bibliotek, og som for oss som lever i bøkene si verd, er meiningsfulle orienteringspunkt i tilværet. Som Horats sin epistel (2.1.266-270), med anslaget «Jeg ønsker ikke å bli rost i dårlige vers», ei samtidsdiagnostisk påminning til dei pratsame ordfattige - og til ein bokmeldar som nett har lese han i Marianne Wehus si perle av ein artikkel om antikkens bibliotekpoesi.

Artikkelen er eitt av tolv bidrag skrive av i alt elleve forfattarar i boka Biblioteket i litteraturen. Ei hovudlinje i boka går frå det antikke biblioteket - der også Helge Ridderstrøms interessante analyse av filmen Agora og dermed av Hypatia og biblioteket i Alexandria inngår - fram til dagens internett. Eit anna emne er biblioteket og bibliotekarane i moderne litteratur frå Amtmandens døtre, via Roald Dahls Matilda til bibliotekaren i fire norske samtidsromanar. Eit tredje emne er biblioteket sine utestengingsmekanismar gjennom ulike tider: sosial lukking som har skapt opprør og endring, sorteringa av dei bøkene som skal vere tilgjengelege, og dei som hamnar i kjellaren eller vert makulerte, og det underlege ved tanken på uskrivne bøker.

Boka rommar mange gode og slitesterke bidrag, nokre naudsynte sveinestykke, men òg bidrag som har ei form og innsikter av spesiell verdi. Sjølv hadde eg spesiell glede av det tankeeggande essayet til Astrid Nordang og Kjell Ivar Skjerdingstad om Michael Glawoggers film om biblioteket i St. Petersburg. Den samla litteraturen og dermed det potensielle universet av innsiktskjelder i det russiske nasjonalbiblioteket er nesten ufatteleg. Då oppstår også tanken om kva ein går glipp av, vel bort, når ein vel nokre bøker framfor andre. Biblioteket kan nok opplevast som eit ordna univers, ryddig og katalogisert, men ved ettertanke er dette ein illusjon, eit menneske kan ikkje få overblikk over dei myriadane av meiningsunivers det rommar.

Denne grunninnsikta, radikalt formulert i Jorge Luis Borges si novelle Biblioteket i Babel frå 1941, ei novelle som omhandlar ei uendeleg boksamling, eit bibliotek som rommar alle moglege bøker, har i vår tid blitt søkt realisert på nettet, konkret som nettsida The Library of Babel, meir allment og abstrakt, men like fullt svimlande reelt, som det mobile biblioteket kvar einskild av oss alltid har for handa. Nettbiblioteket som gjev oss tilgang til ufattelege mengder informasjon som potensielt kan eller i det minste kunne ha endra meininga med og retningane for liva våre, men som mest liknar ein labyrint der dei fleste av oss vandrar rundt i ein avgrensa ring ei lita stund, styrte av algoritmar vi ikkje kjenner, inntil vi stadig vender attende til utgangspunktet, som fluger kring ei lyskjelde. Nettbiblioteket, svimlande omfemnande. Og eg tenkjer på Horats sine epistlar, om (når) dei vil dele lagnad med min vesle epistel i nettvevlabyrinten, desse orda mine som nett no er tilgjengelege, men snart er bortgøymde i æva.

Fakta:

Biblioteket i litteraturen

Pax, 2019

420 sider

Rettl. pris: kr 379

Les fleire bokmeldingar her.

Image-text:

Ei hovudlinje i boka går frå det antikke biblioteket og fram til dagens internett. Illustrasjonsfoto: Shutterstock

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt